Folgefonna nasjonalparkskule

Vårt undervisningskonsept «Folgefonna nasjonalparkskule» er eit undervisningstilbod til elevar i grunnskulen. Med utgangspunkt i verneformåla til nasjonalparken har naturvegleiar plukka ut aktuelle tema som no kan veljast i vår meny.

Folgefonna nasjonalparkskule på nett

Velkommen inn i Folgefonna nasjonalpark. På vår nasjonalparkskule kan du arbeida med saman med din klasse, familie eller aleine – uansett kvar du er i landet. Fordjup deg i spennande tema; som kvifor vatnet smakar salt, om sporlaus ferdsel eller kva rolle vi menneske har i økosystemet.

Utstillinga og bestillingsverk

Ynskjer di gruppe ei omvising i utstillinga på Folgefonnsenteret; kan vi skreddarsy eit opplegg. Ta gjerne kontakt om du treng innspel til uteskule eller turtips i Folgefonna nasjonalpark.

Utstyr til utlån

Driv du med undervisning og/eller formidling i ei eller anna form kan du låne utstyr hjå Besøkssenteret. Vi har bygd opp ein utstyrsbank med spennande undervisningsmateriale.

Sjølvbetjente aktivitetar

Prøv våre sjølvbetjente aktivitetar som ligg tilgjengeleg for alle på nett. Sjå undervisningsfilmane frå Folgefonna nasjonalparkskule og løys aktivitetsarka. Skriv ut turbingo og bokstavkrøll – og ta det med ut i naturen. Nokre av aktivitetane egnar seg best å gjennomføra på sjølve Folgefonnsenteret