Breen og nærområdet byr på unike innblikk i kva som gjekk føre seg den gongen innlandsisen dekte store delar av Skandinavia, då brearmane grov ut fjordane og dalane som gjer vestlandsnaturen så vidgjeten.

I Folgefonna nasjonalpark kan du bevege deg frå lune fjordarmar i Hardanger, gjennom djupe dalar med fossande elvar, forbi blågrøne brefall og opp på høgfjellet med utsyn over landets tredje største isbre, Folgefonna. 

 Folgefonna er eigentleg ei samling av tre brear: Nordfonna, Midtfonna og Sørfonna. Til saman dekkjer dei eit område på om lag 200 km2, og iskappa er nesten 600 meter djup på det tjukkaste. Det høgaste punktet på breen ligg på 1662 moh. På Sørfonna fell det i snitt 5500 millimeter nedbør kvart år, og det gjer toppen av Folgefonna til ein av dei våtaste plassane i Noreg.  

Landskapsvernområda

Fire landskapsvernområde har grense til nasjonalparken: Bondhusdalen, Buer, Ænesdalen og Hattebergsdalen. Desse trekk mange besøkjande – med god grunn. Bondhusdalen reknast av mange som det aller vakraste dalføret på Folgefonnhalvøya, men alle landskapsvernområda tilbyr fine opplevingar og turmoglegheiter.  

Bildetekst til featured image

Isen og bergfjellet

Ved å tolka berggrunn og landskap, kan geologane teikna ei historie som strekkjer seg meir enn 1,5 milliardar år attende i tid. Fjellgrunnen i det som i dag er Folgefonnhalvøya, har vore råka av brutale og skiftande geologiske krefter. Sediment som gjennom ulike tidsbolkar bygde seg opp på havbotnen, vart før eller seinare presse ned i djupet der dei ved høgt trykk og høge temperaturar vart omdanna til metamorfe bergartar. Jordskorpeplater kolliderte og pressa nye høge fjellkjeder og platå mot himmelen.

Isen som bilethoggar

Utløparar frå den massive innlandsisen som dekte store delar av Skandinavia, grov ut fjordane og dalføra vi ser i dag – men det tok over 40 istider og 2,7 millionar år. Geologisk sett er vestlandsfjordane for svært unge å rekna. I vår mellomistid går landskapsforminga seinare. Raskast går det der brear som framleis er i rørsle, sakte men sikkert sliper seg djupare ned i fjellet. Frostforvitringa er elles ein viktig faktor og er mest effektiv når temperaturen svingar rundt nullpunktet. Vatn som renn inn i sprekker i fjellet, utvidar seg når det frys og sprengjer laus steinar og blokker. Elvane bidreg òg, med grus og stein som slipemateriale.

Folgefonnsenteret i Rosendal byr på ny kunnskap. Her finn du besøkssenteret for Folgefonna nasjonalpark.

Faldingar i migmatittgneis - © Jan Rabben
Faldingar i migmatittgneis – © Jan Rabben
Møsevatnet - © Randi Storås
Møsevatnet – © Randi Storås

Dyrelivet i nasjonalparken

I nasjonalparken kan du sjå ei majestetisk kongeørn på jakt høgt til fjells, eller høyre hakkespetten arbeide i lauvskogen. Frå fjord til fonn kan du høyre hjorten som brølar, på leit etter nokon å parre seg med. Høgt til fjells i det alpine landskapet finn du plantar som har spesialisert seg for det røffe klima kring breen.

Mellom Folgefonna og fjordane finn vi mange ulike økosystem, kvart av dei med sitt dyreliv. Den isdekte vidda på breen, skuggefulle dalføre og lune vikar ved fjorden stiller ulike krav til skapningane som held til der. Når du vandrar frå habitat til habitat, vil du sjå variasjonane i faunaen. Hjorten er talrik i skogane og dalane på Folgefonnhalvøya. Her finst også mår, eit fascinerande lite rovdyr. Han jaktar mest i skumringa og om natta, og unngår helst ope terreng for ikkje å risikera sjølv å bli byttedyr for rev og kongeørn.

Folgefonnhalvøya er også heimen til ei rekkje krypdyr; deriblant firfisle og stålorm, som lev innover i skogen i låglandet. Hoggormen, som er meir utbreidd, trivst i skogsområde og på solrike berg. Desse krypdyra tilfører ein ekstra dimensjon til biodiversiteten i regionen.

Ta med kikkerten!

Regionen byr på eit variert fugleliv – så sørg for å ta med både kikkert og kamera med godt teleobjektiv. Høgt til fjells er rype og heipiplerke vanlege; snøsporven finst også her oppe. Kan hende får du sjå orrfugl, røy og tiur i skogane i låglandet.

Steinras riv stundom bort skog i bratte vestlandslier. Når du høyrer trommekvervlar, er det som oftast kvitryggspetten som markerer territorium. Denne hakkespettarten er heilt avhengig av daud og døyande ved og er svært sjeldan elles i Europa. I dei bratte fjordliene finst det rikeleg med rotnande tre der han kan hakka fram feite billelarver.

Ei av artane som har tilpassa seg eit liv i høgfjellet er fjellrypa. På vinteren når andre dyr må gje tapt for snø og kulde, held fjellrypa stand og livnærar seg av små vekster blant steinblokker og på snølause rabbar. 

kongeorn7929-rabben

Fossekall og vintererle

Er du heldig, får du sjå fossekallen stupa ned i elvestryk etter mat. Ikkje rart at vi valde denne djerve småfuglen som nasjonalfugl. I same terrenget trivst òg vintererla. Ho hekkar gjerne i steinklipper ved fossefall.

Gauken er ein fugl som nesten alle har høyrt, men som få av oss har sett. Også bokfinken er lett å kjenna att på songstrofa: korte kraftige tonar som kjem fortare og fortare i dalande tonehøgd og blir avslutta med eit markant etterslag. Men det er nok måltrasten og svarttrasten som er dei mest melodiske songarane i desse traktene.

fossekall5-rabben

Floraen i Folgefonna nasjonalpark

Vegetasjonen i og rundt Folgefonna nasjonalpark varierer stort frå stad til stad. Her er mange ulike mikroklima – sjølv over korte avstandar kan temperatur, nedbør og vind variera sterkt. Dei fjellrike delane av halvøya, der grunnfjellet for det meste er surt, er dominerte av nokre få hardføre artar: musøyre, røsslyng, rabbesiv og fjellbjørk. På grunn av den harde og ofte blankskurte berggrunnen er floraen på Folgefonnhalvøya prega av artar som trivst i næringsfattig jord og med mykje nedbør.
I fjellskogen og lågare strøk, kan du få auge på søterot som kan bli opp mot ein halv meter høg! Det er ein vakker plante, med brunraude eller purpurfarga blomar. Hold også utkikk etter nasjonalblomen vår, bergfrua. Ho er litt av eit syn der ho veks i hundretal med praktfulle, kvite blomeklasar. Ingen andre planter er så godt tilpassa dei steile fjellveggene kring Folgefonna.

Å måle eit fjell

Ved første augesyn kan dei høgaste toppane synast nakne og livlause, men sjå nøyare etter, og du vil oppdaga flekker med lav. Blant dei mest iaugefallande er dei gulgrøne kartlava, som på kalkfattige bergartar kan veksa i slike mengder at heile fjellet blir farga gulgrønt! Bli ikkje overraska om du ovanfor steinurene ser at fjellsmelle, svarttopp, stjernesildre og bergfrue held eit fast grep i nesten loddrette bergvegger.

Botaniske oasar

Skjeggesnuten og Sauanuten er to fjell med kalkhaldig berggrunn og dermed botaniske oasar med ein rik fjellflora. I fuktige dalføre med høg nedbør vest for Folgefonna, ved fossefall og ved bekker som fører smeltevatn ned frå snø og bre, veks det gjerne mykje bregnar.

Fuktig og fruktbart

Nede ved fjorden og i fuktige skogområde vest for Folgefonna er vegetasjonen ganske frodig. Typiske kystnære plantar er revebjølle, rome, klokkelyng, hinnebregne, smørtelg, bjørnekam og storfrytle – i dette tempererte området veks dei heilt opp mot skoggrensa.

Snøull
Snøull
Greplyng
Greplyng

Kulturhistorie

Arkeologane har avduka mange lag av historie i jordsmonnet på Folgefonnhalvøya. Pilspissar av flint og oske etter gamle leirbål viser at dei første hardingane jakta her for ti tusen år sidan, medan ismassivet som dekte mykje av Skandinavia var i ferd med å trekkja seg attende.

Midt i Herand, ei fjordbygd på nordsida av halvøya, er det forhistoriske helleristningar med solsymbol og båtar. Fjorden var ferdslevegen frå dei første menneska kom til Vestlandet.

Klyngetun og fjordbygder

Mange av gardane vart etablerte lenge før vikingtida. Agatunettilhøyrde eit bondesamfunn der samarbeid stod vesentleg meir sentralt enn i dag. I klyngetunet ligg våningshusa og andre bygningar tett i tett. Visste du forresten at det var cisterciensermunkar på 1100-talet som kom med dei første eplefrøa til Hardanger? Fruktbar jord, lange sommardagar og tilnærma økologisk jordbruk forklarer kvifor vår lokale frukt er så velsmakande – saftig, søt og akkurat passe syrleg, med masse kompleks aroma!

Om hausten får du kjøpt frukt og bær frå buer langs vegen. Den lokale kulturen er så ærleg at dersom bua er ubemanna, er det berre å forsyna seg og leggja betalinga i skåla.

Arven etter vikingane

Hardanger er kjent for meisterleg båtbyggjarkunst. Forma på einskilde båttypar er så godt som uendra sidan vikingtida – du kan ikkje forbetra det fullkomne! Den gamle oppgangssaga på Herand er framleis i drift.

På naust og hus er skifer brukt til taktekking. Sidan uminnelege tider har skiferen vorte henta ut or steinbrot her.

Dei eldgamle stiane

Det er eit godt nettverk av merkte stiar i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring. Nokre av dei er gamle ferdslevegar, som Keisarstien (ifølgje reklamen skal Keisar Wilhelm II ha gått tur her) og Isvegen. Denne vegen vart brukt til å frakta is frå breen med hest og kjerre ned til Skiparvika, og derifrå vart isen send med båt til kundar i kystnære byar og bygder, før kjøleskapet si tid. Andre stiar vart brukte av bønder til å driva husdyr til og frå sommarbeite. Atter andre stiar er laga av friluftsentusiastar i Den Norske Turistforening – eit sikkert teikn på at du har storslått utsikt i vente, og flotte naturopplevingar på vegen dit!

Agatunet - © Arnstein Karlsen
Agatunet – © Arnstein Karlsen
Båtbyggarmuseum - © Herand Landskapspark
Båtbyggarmuseum – © Herand Landskapspark