Folgefonna nasjonalparkskule – på nett
Velkommen inn i Folgefonna nasjonalpark. På vår nasjonalparkskule kan du arbeida med saman med din klasse, familie eller aleine – uansett kvar du er i landet. Fordjup deg i spennande tema; som kvifor vatnet smakar salt, om sporlaus ferdsel eller kva rolle vi menneske har i økosystemet. Sjå dei fem videoane og løys oppgåver etter kvar film.

Turbingo

Last ned og skriv ut Besøkssenteret sin heilt eigne turbingo. Kryss av etter kvart som du løyser oppgåvene. Lag kongledyr og leit etter insekt og dyrespor. Turbingoen kan og lastast ned frå mobilen, eller hentast på Folgefonnsenteret.

TURBINGO

(Digitale) guida turar på Folgefonnhalvøya

Last ned applikasjonen «TeachOUT” på din mobil og bli med naturvegleiar på tur. Fem guida turar på Folgefonnhalvøya ligg klar å ventar på deg og det er sjølvsagt gratis å laste ned både applikasjon og turguide. Når du har lasta ned TeachOUT må du søkja etter «Folgefonna nasjonalpark». Last gjerne ned kvar enkelt tur på førehand – då slepp du å bruke mobildata undervegs. Du finn turguidar for fylgjande stader på Folgefonnhalvøya;

  • Rosendal – Hattebergsfossen
  • Rosendal – Myrdalsvatnet
  • Landsbyvandring Jondal
  • Bondhusdalen landskapsvernområde
  • Buardalen landskapsvernområde

Bokstavkrøll
Hjelp! Bokstavane har stokka seg. Klarar du å stave dei rett? Orda er henta frå utstillinga på Besøkssenteret, og det kan vera lurt å ta turen innom for å få gode hint. Elles kan bokstavkrøllen lastast ned og brukast heime.

 

Bokstavkrøll

Sporjakt
Vinteren eignar seg godt til å drive sporjakt. Last ned aktivitetsarket og identifiser dei ulike dyrespora. Kor mange ulike hjortespor ser du på din veg? Ta gjerne med måleband eller linjal for å måle fotspora.

Spor og sporteikn

Artsjakt
For å kunne ta vare på artane våre er det viktig å vite noko om kva artar som finst i vårt nærområde. Det kan vi gjera ved å telja og registrera artar. Besøkssenteret nyttar artsjakt i sitt undervisningsarbeid og oppmodar fleire til å bli kjent med ulike fisk- og treslag, insekt og artsmangfaldet i fjøra. Visste du at ein kan telja og registrera artar på www.dugnarforhavet.no eller på www.artsobservasjoner.no.

Artsjakt fjøra
Artsjakt fisk
Artsjakt insekt
Artsjakt treslag