Populære aktivitetar

Her kan du bli med på kjekke aktivitetar med eller uten guide.

Turistvegen over Folgefonna - ei historisk vandrerute

Start frå Sundal eller Odda

Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som kom til fjord-Norge frå midten av 1800-tallet.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/Fonnabu-680x450.jpg

Blåistur i Juklavassbrea

Jondal

Blue ice hike in Juklavass Glacier starts daily, 7 days a week from Mid June until September. Diffrent levels, from easy hiking  to challanging ice climbimg, fits everyone between 7-80 years old in normal conditions.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/breforing-pa-folgefonna-pal-hermansen-2-680x450.jpg

Fottur i Bondhusdalen

Start frå parkeringsplass Sundal

Vegen til Bondhusvatnet (190 moh) vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/Bondhusdalen-25.08-7-680x450.jpg

Fottur i Buardalen

Start frå parkeringsplass Buer, Odda

Tursti til Buarbreane, det vil sei Øvre Buarbrea og Nedre Buarbrea, to brearmer på austsida av Folgefonna og som strekkjer seg ned mot Buardalen.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/buerdalen-foto-stig-tronvold-680x450.jpg

Breføring over Folgefonna mellom Fonnabu og Holmaskjer

Start frå Sundal eller Odda

Folgefonni Breførarlag har fast breføring mellom DNT-hyttene Fonnabu og Holmaskjer nokre veker om sommaren. Det er vanleg å legge inn ei overnatting om ein skal gå heile turen mellom Sundal og Odda.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/PK3_9022-680x450.jpg

Blåistur i Buarbrea i Odda

Start frå parkeringsplass Buer, Odda

The day trip offers an exciting river traverse on the spectacular trekking route towards the glacier. While walking on the glacier you experience the magical blue ice, and for those who like an extra challenge it will be possible to try ice climbing in the magnificent crevasses.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/buarbreen-foto-anne-bjorkevoll-2-680x450.jpg

Fonna glacier ski resort

Jondal

Har du stått på ski på ein isbre før? Skiheisen er montert direkte på isbreen og vert justert gjennom hele året ettersom heisen følgjer rørslene i isbreen. Det 1200 meter lange skitrekket har en høgdeskilnad på ca 270 meter.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/IMG_9615-2-680x450.jpg

Brekajakk - padletur

Start frå Rosendal

Full-day adventure including safety introduction and kayaking. All necessary equipment including dry-suit. Duration app. 6-8 hours.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/brekajakk-folgefonni-breforarlag-2015-foto-stale-sundfjord-5-680x450.jpg

Fottur til Melderskin

Start frå Kletta, Rosendal

Melderskin vert ofte kalla ”Dronninga blant hordalandsfjella”. Her har du storslått utsikt mot havet, fjordar og fjell, og Folgefonna. Varden på det flate topplatået er bygd av Norges geografiske oppmåling i 1913.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/melderskin-espen-haagensen-680x450.png

Fottur langs Buførevegen/Pilegrimsvegen

Start frå Reisæter eller Botsvatn

Truleg heilt frå slutten av 1200-talet og fram til 1941 vart det ført buskap opp Reisæterlia, over høgfjellet og ned til dei gode beita i Dravladal og ved Botsvatn øvst i Krossdalen i Jondal.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/Reiseter-Buførevegen-010714-33-680x450.jpg

Fottur opp langs Langfoss

Langfoss, Åkrafjorden i Etne

Stien opp Langfoss startar like ved fossen. På toppen av fossen får du ei utruleg oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden ligg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige Folgefonna i bakgrunnen.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/IMG_3113-680x450.jpg

Fottur i Ænesdalen

Start frå Ænes kyrkje

Ein fottur i Ænesdalen passar for dei fleste. Ved Hølen, der vegen går nær elva, kan ein studera dei spesielle Meandersvingane på den stilleflytande elva. Ænesdalen har ei av dei største hjortestammene i landet og elles eit rikt fugle- og dyreliv.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/aenesdalen-bjarne-oymyr-680x450.jpg

Fjordcruise til Langfoss

Start frå Åkrafjordtunet

Opplev vakre Åkrafjorden med eit Fjordcruise med MS Stein Viking. Her får du den beste utsikten til Åkrafjorden sine mange attraksjonar. Kontrastane er store frå veglause gardar til nakne fjellvegger og frodig kulturlandskap.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/pa-dekk-under-fossen-espen-mills-341x450.jpg

Kulturstien i Herand

Herand

Kulturstien er ein del av ei tilrettelagt for ei kulturvandring gjennom bygda Herand. Langs stien finn ein eit rikt planteliv, spanande geologi, kulturhistorie, og ein storslagen utsikt over fjorden og bygda. I tillegg får ein fin mosjon ved å ta turen gjennom lett, kuppert terreng.

https://folgefonna.info/wp-content/uploads/herand-vatn_0-680x450.jpg

ANDRE AKTIVITETAR :
Aktivitetar i Odda
Aktivitetar i Ullensvang
Aktivitetar i Jondal
Aktivitetar i Etne
Aktivitetar i Kvinnherad

Folgefonna nasjonalpark – logoVelkommen inn i naturen!

Vi inviterer deg til tur i flott terreng, camping, klatring og vandring på breen. Sjølv midt på sommaren kan du nyte skiløyper eller rase nedover fjellet på snøbrett! Fjordane kring halvøya freistar til fiske, padling, seglsport, båtturar og bading.

Men du treng ikkje sveitte for å ha det gøy. Du kan vandre kulturstiar i ditt eige tempo, utforske kulturminne eller rusle gjennom Steinparken i Rosendal. Eller kanskje du heller ynskjer å leige sykkel og ta deg fram på to jul på vegane langs fjorden.

Her er ei liste med aktivitetar vi kan anbefale i og rundt Folgefonna Nasjonalpark – med profesjonelle aktørar som byr på ulike opplevingar, og eit sommarskisenter som ligg på sjølve breen.

Ta kontakt med Besøkssenteret, turistinformasjonen eller innfallsportane til Folgefonna. Der får du turkart, nyttige råd og informasjon om tilbod om aktivitetar frå profesjonelle aktørar.

Steinparken I Rosendal
Steinparken I Rosendal

 

Haust ved Gardshammarseter, Bondhusdalen © Espen Haagensen
Haust ved Gardshammarseter, Bondhusdalen © Espen Haagensen

 

Støladalen, på veg til Holmaskjer ved Folgefonna © Ingebjørg Eitrheim Nondal
Støladalen, på veg til Holmaskjer ved Folgefonna © Ingebjørg Eitrheim Nondal
Topptur i Rosendalsalpane, © Espen Haagensen
Topptur i Rosendalsalpane, © Espen Haagensen

 

"On the top of the world" © Espen Haagensen
«On the top of the world» © Espen Haagensen

 

Pilegrimsturen 2015, foto Anne Karin Stormyr

Pilegrimsturen 2015, © Anne Karin Stormyr

 

Padling på Myrdalsvatnet, Rosendal. Foto: Erlend Hellingsrud
Padling på Myrdalsvatnet, Rosendal. © Erlend Hellingsrud

 

 

Bondhusdalen

Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Herand – ei fjordbygd med fargerik historie

Herand ligg vakkert til ved Hardangerfjorden på nordsida av Folgefonnhalvøya. Vi inviterer deg til å rusla gjennom bygda og utforska kulturlandskapet i nærleiken, ei vandring gjennom ei fargerik 9000 år lang historie.

Steinparken i Rosendal

Om du verkeleg ynskjer innblikk i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring, bør du vitje Steinparken i Rosendal. Han ligg berre ti minuttars gang frå hamna og sentrum i fjordbygda. Når du vandrar dei vakre stiane og ser på dei utstilte steinane, ser du så langt som 2,5 milliardar år bakover i tid.

Buførevegen og Pilegrimsvegen

Over fjellet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, like nord for Folgefonna, går det gamle ferdselsruter. Buførevegen vart brukt til å føra husdyr til sommarbeite og Pilegrimsvegen førte folk over fjellet på veg til det undergjerande krusifikset i Røldal.

Fonna glacier ski resort

FONNA er eit sommarskisenter som ligg på isbrea Folgefonna.tidligere kjent som Folgefonn Sommarskisenter. Her er alpinløyper, freestylepark, langrennsløyper og tilbod om guida trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen.