Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.

Aktivitetar ved Folgefonna

Har du lyst å gå på brevandring?
Padle kajakk på fjorden eller eit isvatn?
Kanskje har du lyst å gå på ein tursti til den høgaste nut?

Besøkssenter og innfallsportar

Det er mange innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark. Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av besøket ditt hos oss.

Besøksmål

Besøksmåla er eit utval av stader med praktfull natur og spennande kulturelle høgdepunkt. På lista finn du naturstiar til flotte utsiktspunkt, kulturminne som avdekkjer Folgefonnhalvøya si fargerike historie, og spennande utstillingar som gjev verdifull innsikt.

Reise & overnatting

Fjordbygdene i nærleiken av Folgefonna nasjonalpark byr på god og variert overnatting. Her er historiske hotell og sjarmerande gjestgjevarheimar, campingplassar i vakker natur, hytter og rom i private bustader. Du kan velje det som passar dine ønske og reisebudsjett.

Fakta

Kor ligg Folgefonna?

Folgefonnhalvøya i Hardanger og dekker områder i Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad kommuner, alle i Hordaland fylke.

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Folgefonnsenteret
Skålafjæro 17
5470 Rosendal
Telefon: +47 53 48 42 80
E-post: epost@folgefonna.info

Turistinformasjon

www.visitsunnhordland.no
www.hardangerfjord.com

Allemannsretten gleder og plikter

Fribillett under ansvar

Tenk, kor heldige vi er: Allemannsretten er gratis fellesgode og ein del av kulturarven. Den gir deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av grunneigar. Naturen er for alle som viser varsemd.

Friluftsliv er ein flott del av norsk identitet. Vi har frå gamalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells. Så lenge du viser omsyn og tar med deg avfall, sørger allemannsretten for at du kan bevega deg fritt i naturen.

Hovedprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Grunnregelen er: Vis omsyn til naturen, privat eiendom og andre turgåarar. Ikke gjer skade, og forlat naturen slik du gjerne vil finna den sjølv.

 

Allemannsretten muligheter og reglar:

Du kan setje opp telt eller sove under stjernene kor som helst i utmark, så lenge du er minst 150 meter fra næraste bustadhus eller hytte. Set opp teltet slik at det ikkje skadar ungskogen. Ved telting på same sted i mer enn to netter, pliktar du å spørje grunneigaren om lov, bortsett frå på høgfjellet eller langt frå busette områder.

Å tenna bål i skog og utmark er forbudt frå den 15. april til den 15. september, men lov på stader som i vannkanten, der brannfare ikkje er sannsynlig. Viss du lagar bål ved sjøen, unngå å fyre opp rett på svaberget slik at berget sprekk. Ver forsiktig med tre når du skal finne ved til bålet, bruk tørre kvister. Forlat aldri eit bål før du har forsikra deg om at det er heilt sløkkt, og hugs å rydde etter deg før du går.

I utmark kan du ferdast fritt til fots og på ski, ri eller sykle på stiar og veier, og bade, padle, ro og bruke seglbåt. Du kan plukke bær, sopp, blomar og røter av ville urter. Gjer deg kjent med vernereglane viss du er i eit naturvernområde, og ikkje plukk trua og freda planteartar.

Du kan fiske etter saltvannsfisk heile året, både fra båt og land, så lenge det er til eget bruk. Skal du fiske laks, sjøaure og sjørøye i elvar og vassdrag, må du løyse fiskaravgift til staten og vanlegvis betale fiskekort til grunneigaren.

I både innmark og utmark skal du alltid lukke grindar etter deg og vise omsyn til dyr som er på beite. Har du hund, må du respektere bandtvangen mellom 1. april og 20. august.