Vårt undervisningskonsept «Folgefonna nasjonalparkskule» er eit undervisningstilbod til elevar i grunnskulen. Med utgangspunkt i verneformåla til nasjonalparken har naturvegleiar plukka ut fem aktuelle tema som no kan veljast i vår meny.
Folgefonna nasjonalparkskule
Folgefonna nasjonalparkskule er den raude tråden i vårt undervisningstilbod på Folgefonnsenteret i Rosendal. Lær om korleis vatnet og breen formar landskapet rundt oss eller bli med på å jakte artar i ditt nærområde. Besøk Folgefonnsenteret i Rosendal eller inviter naturvegleiar på besøk.
Folgefonna nasjonalsparkskule fins også som nettbasert undervisningsopplegg, det finn du her
Praktisk informasjon
Folgefonna nasjonalparkskule er forankra i nye læreplanar etter fagfornyinga. Kvart av dei fem tema består av tre delar; forarbeid, undervisning med naturvegleiar og etterarbeid. Sjå filmen i forkant av besøket og løys oppgåver når de kjem heim igjen.
Kven kan delta?
I hovudsak grunnskuleelevar 2.-10.klasse. Tema «geologi og landformar» kan tilpassast vidaregåande og geofagklassar.
Kvar føregår undervisninga?
På Folgefonnsenteret i Rosendal eller ved din skule sitt nærområde. Tilbodet gjeld i fyrsteomgang grunnskular i Ullesvang, Etne og Kvinnherad kommune. Andre er velkomne dersom kapasitet.
Kostnad
Undervisninga med naturvegleiar er gratis. For undervisningsopplegg som går føre seg på Folgefonnsenteret brukar vi utstillinga på senteret. Då kostar det 35 kroner pr. grunnskuleelev. Gjer merksam på at Kvinnherad har eigen avtale og at grunnskuleelvar går gratis i skuletida.
Påmelding
Skulane må sjølv melda seg på Folgefonna nasjonalparkskule. Ta kontakt med vår naturvegleiar på e-post sara.nonas.langhelle@kvinnherad.kommune.no.
Tema 1 – Folgefonna nasjonalpark
Velkommen inn i Folgefonna nasjonalpark! Verneformål, organisering og lokal forankring.
For kven: Opplegget kan tilpassast alle aldersgrupper.
Kvar: Innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark.
Varigheit: 3 timar
Del 1 – Kva er ein nasjonalpark og kvifor har vi ein nasjonalpark her vi bur?
Del 2 – Kven eig nasjonalparken?
Del 3 – Oppdrag frå nasjonalparkforvaltar
Tema 2 – Vatnet si rundreise på jorda
Folgefonna nasjonalpark – frå fjord til fonn
Kven: 5-7.klasse
Kvar: Folgefonnsenteret i Rosendal
Varigheit: 2.5 – 3 timar
Del 1 – Vatnet sitt kretsløp
Del 2 – Gruppeoppgåver i utstillinga
Del 3 – Stasjonsbaserte forsøk ute
Kompetansemål i naturfag etter 4.trinn
Utforske og beskrive vatnet sitt kretsløp og gjere greie for kvifor vatn er viktig for livet på jorda
Tema 3 – friluftsliv
Velkommen inn, men ikkje set spor etter deg
Kven: 5.- 7. trinn.
Kvar: Folgefonnsenteret i Rosendal eller på skulane
Varigheit: Dagsopplegg
Del 1 – Allemannsretten og sporlaus ferdsel
Del 2 – Kartlære og turplanlegging
Del 3 – Sikkerheit på tur
Kompetansemål i kroppsøving etter 7.trinn
Vurdera sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel og gjennomføre sjølvberging i vatn. | Bruke nærmiljøet og utforske lokale kulturar for friluftsliv. | Gjere greie for allemannsretten under ferdsel og opphald i naturen. | Gjennomføre overnattingstur og reflektere over eigne naturopplevingar.
Tema 4 – biologisk mangfald
Økosystem, artskunnskap og naturnærvær
Kven: 2. – 4.klasse
Kvar: På skulane eller i nærområdet
Varigheit: 3 timar
Del 1 – Praktiske øvingar i «naturnærvær»
Del 2 – Mennesket si rolle i økosystemet
Del 3 – Vi går på artsjakt
Kompetansemål i naturfag etter 2.trinn
Utforske eit naturområde i nærmiljøet og beskrive korleis nokre organismar er tilpassa område og kvarandre.
Kompetansemål i naturfag etter 4.trinn
Utforske og samanlikne ulike dyre- og planteartars tilpassing til miljø og levestad og drøfte kvifor nokre artar døyr ut.
Tema 5 – Geologi og landformar
Lær om korleis vatnet og breen påverkar landskapet rundt oss
Kven: 8. – 10. klasse
Kvar: Folgefonnsenteret og Steinparken i Rosendal
Varigheit: 3.5 timar
Del 1 – Introduksjon på Folgefonnsenteret
Del 2 – Lunsj og vandring i landskapet i Rosendal
Del 3 – Hovudbergartar i Steinparken
Kompetansemål i naturfag etter 7.trinn
Gjere greie for korleis det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap.