Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark har fått midlar til å kjøpe inn og lage fem utstyrskassar til bruk i formidlings-/undervisningsopplegg. I Kvinnherad kan utstyret hentast og leverast på Folgefonnsenteret i Rosendal. Etne og Ullensvang har eigne utlånsordningar. Dei fem kassane inneheldt fylgjande tema:

  • Pattedyr
  • Meteorologi
  • Fuglar
  • Fisk og livet i strandkanten
  • Smådyr og plantar i skogen

Naturvegleiar har laga ei brosjyre med meir informasjon om kva dei ulike temakassane inneheldt. Det blir samstundes skissert forslag til undervisningsopplegg, og kva læreplanmål ein kan kopla på dei ulike opplegga. Ta gjerne kontakt med naturvegleiar for fleire spørsmål.

Brosjyre utstyrskassar