Det er mange innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark. Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av utforskinga di. Våre venlege lokalkjende ekspertar kan òg peika på kvar det er best med ein base. Overnatting i regionen vår varierer frå det eksklusive og pittoreske til det enkle og sjarmerande.

 

«Innfallsporten» har lærerike utstillingar, du kan kjøpa kart og få gode råd, og nokre stader kan du leiga sykkel eller båt. Profesjonelle aktørar byr dessutan på mange spennande utflukter med erfarne førarar. Og hugs at bygdene langs fjorden ofte er attraksjonar i seg sjølve, med natur og kulturminne som er vel verdt å utforska.

Jondal nasjonalparklandsby og Juklafjord informasjonssenter

Ein viktig innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Jondal nasjonalparklandsby, ei sjarmerande fjordbygd vest for nasjonalparken. Jondal har god grunn til å skryta av nydelege gamle trehus og lange båtbyggjartradisjonar. Her finn du òg informasjonssenteret Juklafjord.

Odda turistinformasjon

Odda ligg inst i Sørfjorden. Ved turistinformasjonen får du god informasjon om Folgefonna nasjonalpark og mange andre attraksjonar i regionen.

Agatunet

Agatunet er den nordaustlege innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark, men òg ein fascinerande attraksjon i seg sjølv – det er få slike klyngetun igjen i Noreg. Denne innfallsporten ligg mellom Utne og Odda på vestsida av Sørfjorden.

Åkrafjordtunet

Åkrafjordtunet ligg på Teigland ved E134, riksvegen som går langs den vakre Åkrafjorden. Dette senteret er ein attraksjon i seg sjølv, og her kan du læra meir om Folgefonna nasjonalpark. Herifrå er det berre éi mil til nasjonalparken og 9 km til den berømte Langfoss.

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Velkommen til Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark, som er ein del av Folgefonnsenteret i Rosendal. Eit besøk i senteret før du tek turen inn i naturen er ein god idé. Her kan du sjå ei spennande utstilling, og læra om naturmangfaldet i nasjonalparken