Velkommen inn i Folgefonna nasjonalpark. På vår nasjonalparkskule kan du arbeida med saman med din klasse, familie eller aleine – uansett kvar du er i landet. Fordjup deg i spennande tema; som kvifor vatnet smakar salt, om sporlaus ferdsel eller kva rolle vi menneske har i økosystemet. Sjå dei fem videoane og løys oppgåver etter kvar film.

Folgefonna nasjonalparkskule er den raude tråden i undervisninga på Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark i Rosendal. Vår naturvegleiar har til no laga fem undervisningsfilmar som kan brukast for alle som måtte ynskje det. Sara guidar deg gjennom verneformåla til nasjonalparken, som blant anna består av «å ta vare på viktig vassdragsnatur og sikre viktige geologiske førekomstar». Innhaldet er forankra i læreplanverket etter fagfornyinga. Innhaldet egnar seg best for elevar i frå 5. – 10.klasse, men alle er velkomne til å sjå.

 

Kvart tema har eige film og aktivitetsark. Sjå undervisningsfilmen først og så kan du løyse oppgåvene etterpå. Aktivitetsarka kan lastast ned og løysast kvar for seg eller samanhengande. Grunnskulen kan bruke undervisningsfilmane som eit forarbeid før eit undervisningsopplegg med naturvegleiar. Oversikt over dei ulike undervisningsopplegga knytt til nasjonalparkskulen finn du under fana «Folgefonna nasjonalparkskule» eller ved å trykkja her.

Tema 1 – Folgefonna nasjonalpark
Velkommen inn i Folgefonna nasjonalpark og første tema i nasjonalparkskulen. Kva er eigentleg ein nasjonalpark og når opnar den? Kven eig nasjonalparken og er det lov å overnatte? Desse spørsmåla vil naturvegleiar guida deg gjennom i første del av nasjonalparkskulen.

Oppgåveark:

Folgefonna nasjonalparkskule

Tema 2 – Vatnet si rundreise på jorda
Folgefonna nasjonalpark strekkjer seg frå fjord til fonn. Vatnet sitt kretslaup skal du få læra meir om i det andre tema i nasjonalparkskulen. Kanskje har du lurt på kvifor vatnet smakar salt, eller korleis ein heil isbre blir danna. Følg med i videoen, og du får kanskje svar på det du lurar på.

Oppgåveark:
Folgefonna nasjonalparkskule – vatnet si rundreise pa jorda

Tema 3 – Friluftsliv
I denne delen kan du læra meir om friluftsliv i frå vårt område. Kanskje har du besøkt Bondhusdalen landskapsvernområde; eit populært turområde heilt sidan tidleg på 1800-talet. Lær litt om allemannsretten og fjellvett. Hugs å vend i tide, det er nemleg ingen skam å……?

Oppgåveark:
Folgefonna nasjonalparkskule – friluftsliv

Tema 4 – Biologisk mangfald
Har du tenkt på at vi menneske er ein del av økosystemet? Vi er avhengig av vatn og mat frå naturen, eller materiale og areal for å bygge hus. Kvifor er det viktig å ha kontroll på kva artar som finst rundt oss og kvifor er det nokre artar som døyr ut? Lær meir i den fjerde filmen i frå Folgefonna nasjonalparkskule.

Oppgåveark:

Spor og sporteikn

Tema 5 – Geologi og landformar
I det femte tema i Folgefonna nasjonalparkskule kan du læra om korleis vatnet og isbreen stadig formar landskapet rundt oss. Visste du at vi har tre hovudbergartar? Prikkete, stripete og lag-på-lag steinar er stikkord du bør merka deg.

Oppgåveark: