Agatunet er den nordaustlege innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark, men òg ein fascinerande attraksjon i seg sjølv – det er få slike klyngetun igjen i Noreg. Denne innfallsporten ligg mellom Utne og Odda på vestsida av Sørfjorden.
Agatunet, som er særdeles vakkert og godt bevart, har ei lang og rik historie. Arkeologiske funn tyder på busetjing allereie i steinalderen, og Lagmannsstova, bygd i 1220-30, er såleis etter alt å døma det eldste verdslege (profane) mellomalderbygg på opphavleg plass i landet.
Det er i dag 45 freda bygningar på Aga. I tillegg kjem dei 10 verna nausta. Totalt altså 55 hus med vernestatus. Tunet er såleis det aller største ivaretekne klyngetun / bondelandsby i Noreg
30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Tunet er ope for publikum i sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement.
Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.
I kafeen kan du kjøpa vaflar som blir laga med egg frå hønene som vandrar fritt på Agatunet. Nyt gjerne vaflane med eit glas lokalprodusert eplejuice og kanskje ein kopp kaffi.

Ope:
Frå 15. juni til 30. august
Måndag til sundag: 11:00 – 17:00
Priser:
Vaksne kr 125,-
Student kr 75,-
Born < 16 år gratis
Grupper etter avtale