FONNA er eit sommarskisenter som ligg på isbrea Folgefonna.tidligere kjent som Folgefonn Sommarskisenter. Her er alpinløyper, freestylepark, langrennsløyper og tilbod om guida trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen.
Frå skisenteret løftar skiheisen deg opp til 1450 meter over havet. Så er det berre å ta fatt på nedturen – 1,1 km med utforløype med eit fall på 250 meter. Visste du at du faktisk står på ski på Jorfjellbreen, ein 300 meter brei brearm av Nordfonna?
Folgefonn har ry på seg for å vera det beste sommarskisenteret og for å ha den beste snøbrettparken i Europa. Med hopp og kulekøyring kan du øva deg på flips og salto, fancy vendingar og andre triks medan du i nokre sekund trassar tyngdekrafta i praktfull natur. På nettsida vår finn du eit imponerande biletgalleri!
Om du heller føretrekkjer å gå tur på den fredfulle vidda, er dette den ideelle staden for langrenn – og utsikta gløymer du aldri. Seinare på dagen kan du bada i fjorden der nede. Då er det som om du har opplevd fire årstider på éin dag!
Frå fjordbygda Jondal tek det berre 20 minutt å køyra opp til kanten av breen, og her er det rikeleg med parkering. Ferierer du utan bil, går det buss frå Jondal direkte til skisenteret.
På grunn av klimaendringar på breen forstyrrar økte mengder smeltevatn og kraftig regn snøforholda på sommarskisenteret.
Oppdateringar om viss skisenteret er opent finner du på følgande kanalar:
Facebook: Fonna Glacier skisenter
Facebook: Folgefonna Aktivitetspark
