I Odda finn du informasjonstavler om den flotte naturen, stiar, kart over regionen og meir. Odda ligg omkransa av høge fjell inst i Sørfjorden. Fjordbyen har ei stolt industrihistorie – Odda hadde ei viktig rolle i norsk industri si pionertid ved førre hundreårsskifte, og industrialiseringa var eine og åleine basert på vasskraft.

I nærleiken av Odda kan du sjå fleire vakre fossar som tumlar nedover fjellsidene, og det er ikkje langt opp til Folgefonna. Dette gjer Odda til ein glimrande base for den som vil utforska regionen.

Vi anbefaler spesielt turar til Buardalen og Holmaskjer i Folgefonna nasjonalpark. For begge destinasjonar finn du god parkering og informasjonstavler der stiane startar. På Egne Hjem, eit bustadfelt halvannan kilometer frå Odda, er det òg piknikbord og toalett. Stien til Holmaskjer turisthytte er godt merkt, og der det trengst, er det bruer eller sikringstau. Turisthytta er sjølvbetent.

Framme ved Buarbreen foto Rolf Bøen
Framme ved Buarbreen foto Rolf Bøen

Aktivitetar

Turistvegen over Folgefonna
Tursti til Buarbrea
Buførevegen - Pilegrimsvegen
Trolltunga
Informasjon om Odda
Holmaskjer

Kontakt

Odda turistinformasjon

Epost:

info.odda@hardangerfjord.com

Telefon +47 48 07 07 77

www.hardangerfjord.com/odda 

Nyttig informasjon

Adresse: Torget 2, 5750 Odda

Opningstider:

15. april–16. juni og 1. sept–15. okt: Mandag–fredag 9–16

15. juni–31. august: Alle dagar 9–19

16.sept–14. mai: Mandag–fredag 9–15

Turistvegen over Folgefonna

Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som flokka til Fjord-Norge frå midten av 1800-talet. Turen går frå Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er ei av fleire Historiske vandreruter.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Buførevegen og Pilegrimsvegen

Over fjellet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, like nord for Folgefonna, går det gamle ferdselsruter. Buførevegen vart brukt til å føra husdyr til sommarbeite og Pilegrimsvegen førte folk over fjellet på veg til det undergjerande krusifikset i Røldal.

Agatunet

Agatunet er den nordaustlege innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark, men òg ein fascinerande attraksjon i seg sjølv – det er få slike klyngetun igjen i Noreg. Denne innfallsporten ligg mellom Utne og Odda på vestsida av Sørfjorden.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.