Pilegrimane gjekk over fjellet frå Jondal og til Sørfjorden på ferda til det undergjerande krusifikset i Røldal kyrkje. Segna seier at krusifikset vart funne av ein blind fiskar som tørkar sveitten av panna og fekk synet attende.

Truleg frå 1200-talet  – dokumentert frå 1592 – og fram til 1941 vart det ført kyr og hestar på Buførevegen over fjellet til dei gode beita ved Botsvatn. Der vart det støla om somrane fram til 1958. Stølshusa er no til fritidsbruk.

Buførevegen og Pilegrimsvegen er samanfallande innanfor Folgefonna Nasjonalpark i Reiseterlia, og begge stiane er automatisk freda kulturminne. Pilegrimsvegen er merka; i Reiseterlia er stien steinsett og det er varda frå Reiseteregget over fjellet til høgda over Botsvatn. Steinsetjinga av stien og vardinga er utført av dyktige sherpaer frå Nepal.

Det ligg vel til rette for fine turar frå Reiseter (300 moh.) opp lia til Egget (1187 moh.) og kanskje vidare over til Botsvatn – i alt 19 km med høgaste punkt ca. 1422 moh. Vandring i vakker natur, i strålande utsikt og på ein godt tilrettelagt sti ventar på deg. Ver merksam på at turen frå Reiseteregget over fjellet til Botsvatn (667moh) er krevjande i dårleg ver. Jondal Sokneråd skipar årlege pilegrimsvandringar frå Krossdalen i Jondal over til Reiseter

 

Buførevegen mellom Reisæter og Botsvatn

Gamalt bilete frå Buførevegen mellom Reisæter og Botsvatn

Buførevegen-Pilegrimsvegen frå Reisæter

Her finn du informasjon om stien opp frå Reisæter, inn til stidelet med Pilegrimsvegen og Buførevegen og vidare over høgfjellet og ned til Botsvatn

Buførevegen -Pilegrimsvegen opp frå Reiseter

Startpunkt/parkering:
Frå fylkesveg 550, ta fylkesveg 109 frå krysset ved Nå Auto og køyr 3,7 km opp til Reiseter – 330 moh. Der er parkering (men pass på at parkeringa ikkje vert til sjenanse for gardsdrifta).

Skildring av tur:
Frå parkeringsplassen – gå gardsvegen i retning sørvest inn til Skrelet. Ein skogsveg like sør for Bleieelva fører til den steinsette stien opp Reiseterlia – forbi Drivdal, Øykjavadet, Nedste Kvilingehaug, Øvste Kvilingehaug og til Reisetereggjet i 1200 meters høgd der fyrste retningsvarden står. Opp Reiseterlia er ei vandring på flott steinarbeid med vakker utsikt over Reiseter og Sørfjorden – «stairway to heaven». Turen opp som tek godt 2 timar. Buførevegen og Pilegrimsvegen er samanfallande i Reiseterlia – og innanfor grensene til Folgefonna Nasjonalpark.
Frå Reisetereggjet går stien inn til vegskiljet der Pilegrimsvegen går vidare innover, medan Buførevegen tek litt nordover. Deretter går stien meir vestover att ved varden som står oppe på høgda. I godt vêr – gå etter retningsvardane! Pass på at dei er på venstre hand heile vegen vidare til høgda over Botsvatn. Det vil vera viktig å følgja vardane!
Turen vidare innover mot høgaste punktet – varden ved Klokkarane 1422 moh – er varierande opp-ned-terreng. Deretter går terrenget lett nedover til Forvana. Der kryssar stien eit bekkadrag og går forbi eit bergalag. Det kan henda at turen vidare går på fenner viss det har vore snørike vintrar. Stien har deretter eit svingete parti fram mot Kjelavarden, og vidare i eit lett fallande terreng mot Brattefonn. Der kan det vera litt vanskeleg å gå når fonna ligg bratt. Stien går så forbi Øvste Skarvabotnen, opp Jehovakleivane og vidare i lett terreng via Primkleivane til Jonsteinskleivane. Der er det ei bratt – men kort – oppstiging.
Sofaen bak Jonstein – ein «velourbenk» kledd med mose kor overhangande fjell syter for at det er nokolunde tørt. Frå Sofaen går turen nedover mot Tobaksdalen, der stien svingar ned til venstre ved varden. Turen går i terreng med lyng og mose ned til stølen Botsvatn, og vidare langs vatnet på søraustsida bort til vegbommen og parkering
Derifrå er det bilveg ned til Jondal.

Sesong:
Juli – oktober.
Ikkje gå denne turen om vinteren. Det er stor skredfare i fjellsidene på vinterstid. Stien i Reiseterlia går rett gjennom skredløpet, der det går snøras mest kvar vinter.

Råd for turen:
Bruk fjellstøvlar, då mykje av turen vanlegvis går på snø. Ver merksam på at vêret kan endra seg – frå solskinn ved start til vind og regn/snø på høgfjellet. Ta difor med gode klede – ull-, regn- og vindklede, lue og vottar, og niste for lang dagstur. Vatn i bekkar kan – på eige ansvar – nytast undervegs. Det er lurt å ha med tau (jf. Brattefonn). Ta med kart og kompass, evt. GPS.
Det er mangelfull, til dels ingen mobildekning oppe på fjellplatået.
Det er fri ferdsel i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
Ta gjerne fyrste turen i lag med lokalkjende.
Turen kan vera noko krevjande. Litt grunntrening og røynsler frå fjellturar er alltid godt å ha med.
God tur!

Startpunkt Reisæter © Jarle Nilssen
Startpunkt Reisæter © Jarle Nilssen
Informasjonstavler Reisæter © Jarle Nilssen
Informasjonstavler Reisæter © Jarle Nilssen
Buførevegen går over mange småfonner på høgfjellet
Buførevegen går over mange småfonner på høgfjellet

 

Buførevegen frå Botsvatn

Her finn du informasjon om turen opp frå stølsområdet ved Botsvatn, til Jonstein og vidare over høgfjellet til punktet der Pilegrimsvegen og Buførevegen går på same trase ned til Reisæter

From Jondal and Botsvatn
Buførevegen, history
Taking cattle from Reiseterlia across the high mountain down to the rich grazing land in upper Krossdalen, Jondal, has probably been going on from the late 1200s till 1941.
The restoration of Buførevegen has been going on since 2012; among other things by paving the paths and raising cairns.
Buførevegen
Start/parking:
Follow road 105 from Jondal to Folgefonna, drive 8 km and turn right towards Folgefonna. You have to pay a fee to be allowed to go by car along this road, use the automat to pay by card or cash. After 2 km, turn left on a graveled road that leads you to Botsvatn. The car can be parked along the road, at your own responsibility.
Description of the hike:
Walk towards the mountain dairy farms along the east side of the lake. From the dairy farms, at 667 m above sea level, walk in an easterly direction. There is not yet a proper track up the Botsvatn hillside, but the easiest way to go is marked (look at the drawn in path in the picture).
On the plateau above Botsvatn the valley (Tobaksdalen) starts, and from here onwards you will find erected cairns all the way across the high mountain to Reisetereggjet. It is important to follow the cairns, and make sure that the cairns always are on your right hand side on your way east in nice weather. The hike can be very demanding in bad weather.
The track ascends Tobaksdalen. Behind Jonstein you will find Sofaen, a nice place to rest; a “bench of velour”, covered with moss where an overhanging rock protects you from the worst of the weather. From Sofaen the terrain descends, and the track passes Jonsteinskleivane, Primkleivane and Jehovakleivane , then continues across the plateau above Øvste Skarvabotnen. Ascending from here lies Brattefonn. That can be hard to walk if the glacier is steep after a winter with much snow. From Brattefonn the terrain slightly ascends to Kjelavarden, thereafter the track winds its way on. You can experience snowdrifts on the stage towards Forvana ; these vary from year to year. At Forvana you have to cross a brook, and further on you ascend slightly until you reach the highest point of the hike; Klokkarane, 1422 m above sea level. Onwards to Reisetereggjet the terrain is varied where you will be guided by cairns.
Having crossed Bleieelva, the Pilgrimage track from Krossdalen merges with Buførevegen. The track passes on to the cairn at Reisetereggjet. Here you will have a magnificent view (in nice weather) of the Hardangervidda and overlooking Reiseter and Sørfjorden. The cairn is erected at 1200 m above sea level, and from here the track descends about 900 m. A beautifully paved path will lead you past Øvste Kvilingehaug to Nedste Kvilingehaug, across Øykjavadet, to the stone at the mountain dairy farm, further on you follow a woodland road, then a farm road until you reach Streifsteinen by the parking lot at Reiseter.
From Reiseter you take road 109 down to Nå (3,7 km) and road 550.

Revavatnet © Jarle Nilssen
Revavatnet © Jarle Nilssen

Pilegrimsvegen frå øvre Krossdalen

Her finn du informasjon om Pilegrimsvegen med startpunkt i Øvre Krossdalen

Her kjem informasjon om parkering, startpunkt, turskildring til ein møter Buførevegen som i fellesskap går ned til Reisæter

Startpunkt Reisæter © Jarle Nilssen

Aktivitetar

Buførevegen
Pilegrimsvegen
Skredløypa mellom Reisæter og Aga
Vikebygd landskapspark

Agatunet

Agatunet er den nordaustlege innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark, men òg ein fascinerande attraksjon i seg sjølv – det er få slike klyngetun igjen i Noreg. Denne innfallsporten ligg mellom Utne og Odda på vestsida av Sørfjorden.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Jondal nasjonalparklandsby og Juklafjord informasjonssenter

Ein viktig innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Jondal nasjonalparklandsby, ei sjarmerande fjordbygd vest for nasjonalparken. Jondal har god grunn til å skryta av nydelege gamle trehus og lange båtbyggjartradisjonar. Her finn du òg informasjonssenteret Juklafjord.