Historisk vandrerute

Turisttrafikken til Hardanger var aukande mot slutten av 1800-talet, og behovet for å koma seg opp på Folgefonna var stort. Den første delen av vandreruta, Gardhammarvegen, vart såleis vedteken bygd, og den stod ferdig i 1890. Vegen er bygd som gang og ridesti, breidda var om lag 2,0 m. Heile vegen er bygd med handamakt. Det vart leigd inn ein arbeidsleiar, elles vart nok det meste gjort på dugnad. Økonomisk støtte kom frå Herr Westerich, Deutsche Nordlandsverein, landhandlar Gausvik, bokhandler Bayer, konsul Greve, samt bønder på Sundal og Bondhus. I 2007 vart denne delen av stien restaurert.

Grunneigarane godtok fylgjande klausul: «Benyttelsen av rideveien skal til enhver tid vere fri for alle og enhver. Endvidere forplikter vi os og kommende eiere av vore bruk til at skaffe reisende gode, oppsædlede rideheste i et andtal af indtil 8 – otte daglig  – fra Sundal til Folgefonden og videre slædeskyds over fonnen, samt, om forlanges, førere ned til Odda, alt efter de av Den Norske Turistforening fastsatte taxter og bestemmelser.»

Dagens Turistveg over Folgefonna

Turen startar i Sundal ved Maurangerfjorden. Her kom turistane med store cruisebåtar. Frå Sundal kjører ein 500 m til p-plass. Herfrå går du på grusvei langs Isvegen, ein veg som ble laga for uttak av is frå Bondhusbrea på 1860-talet.

500 m nedanfor Bondhusvatnet delar vegen seg, og turistvegen tar av mot venstre. Vegen stig makeleg opp lia i 18 svinger til Gardshammar, ei idyllisk seter med vidt utsyn og sau og geiter på beite. Frå setra held du fram opp forbi Botnavatnet, og i nordleg retning til Gjeldfeskaret, framleis på delvis oppmurt sti fram til Øyramerkjevatnet. Herifrå tar du søraust bratt opptil hytta Breidablikk 1322 moh.  God pausestad før turen fortset sørover Fonnanuten til Fonnabu.

Skal du ta deg vidare over brea til Holmaskjerbu er det viktig at du har naudsynt utstyr og erfaring og/eller går med breførar. Lokallag av DNT arrangerer fleire fellesturar i løpet av sommaren, og det går også an å bestille breføring av Folgefonni Breførarlag.

Frå Holmaskjerbu tar du deg ned til Tokheimskaret. Her går også ein fint lagt ridesti som vart etablert i samband med turistferdsla. Stien  vart restaurert  i 2002. Du kjem ned i Støladalen der det tidlegare var stølsdrift, men drifta vart nedlagt etter at fleire av bygningane vart tekne av ras. Her møter du den gamle stølsvegen som tar deg helt ned til fjorden. Her vart turistane henta med båtane sine, som i mellomtida hadde segla rundt Folgefonnhalvøya og inn Sørfjorden. I dag kan ein gå dei par kilometrane inn til Odda, eller ta bussen tilbake til Sundal.

Turistvegen over Folgefonna startpunkt Odda. foto Jarle Nilssen
Turistvegen over Folgefonna startpunkt Odda. foto Jarle Nilssen

 

Startpunkt Bondhusdalen
Startpunkt Bondhusdalen
"Paa veg til Folgefonden"

«Paa veg til Folgefonden»

Støladalen, på veg til Holmaskjer ved Folgefonna © Ingebjørg Eitrheim Nondal
Støladalen, på veg til Holmaskjerbu frå Odda  © Ingebjørg Eitrheim Nondal

 

Holmaskjerbu © Odda Ullensvang turlag
Holmaskjerbu © Odda Ullensvang turlag

 

Haust ved Gardshammarseter, Bondhusdalen © Espen Haagensen
Haust ved Gardshammarseter, Bondhusdalen © Espen Haagensen

Aktivitetar

Turistvegen over Folgefonna
Tursti Sundal - Fonnabu
Tursti Odda - Holmaskjer
Breføring over Folgefonna, Fonnabu-Holmaskjer
Fonnabu
Holmaskjer
Sauabrehytta
Historisk vandrerute over Folgefonna

Dei første turistane til Folgefonna

Turistferdsla på Vestlandet fekk sitt store gjennombrot med den rutegåande dampskipstrafikken. I 1853 opna ruta mellom Hamburg og Bergen, og frå 1861 kunne turistar og andre ferdafolk ta «dampen» vidare innover fjorden til Hardanger. Då sette Ananias Dekke i fart det nybygde dampskipet «Vøringen».

Pionerturistane i 1830-40 åra sette fart i turismen til fjellandet Noreg. I reise skildringar skreiv dei om alt, frå geologi og botanikk til historie og kultur. Dei skapte forventningar om vill og vakker natur og eit fargerikt folk i harmoni med landskapet. Men alt frå byrjinga av 1800-talet hadde vitskapsmenn og kunstnarar gjeve seg ut på oppdagings ferder til fjellheimen og Vestlandet. Dette opna augo for landskapet og naturen hjå mange. Målarstykke som «Brudefærden i Hardanger» av ADOLPH TIDEMAND og HANS GUDE vekte beundring og interesse. Romantikkens natursyn og eventyr lyst skapte sterk reisehug hjå mange utlendingar, og dei oversåg ofte vanskane med framkomst og høveleg losji.

På denne tida fanst det ikkje hotell i distrikta, berre skysstasjonar med enklare tilhøve. Mange prestegardar fungerte som losjihus for fornemme reisande. Prost NILS HERTZBERG i Ullensvang noterte ned alle besøk i gjesteboka si – han var i praksis ein av dei første turistvertane i Hardanger – og han hadde før 1821 berre vore vitja av to utlendingar. Prestegarden i Ullensvang hadde eit godt omdømme i den tidlege turismen, og etterkvart fekk også skys stasjonen på Utne ry for godt stell. Utne er idag eitt av dei eldste hotella i landet som framleis er i drift (R387).

Dei fastbuande vart sjølve tidleg klar over kva turistane søkte og byrja å ut vikla «reiselivsproduktet» vidare. Lokal avisa HARDANGEREN skreiv i 1874 stolt om kva turistane fekk oppleva i distriktet:

«De kommer for at indaande Hardangers sunde Luft, at beskue dets storartede Natur, Folket med sit klingande Modermaal, med sine Sæder, Skikke og Nationaldragter …»

På få år vart Odda sokn i Søndre Bergenhus Amt midtpunkt for reise livet på Vestlandet. Det meste av bygda er høgfjell, og gardane små og drivne med litt leigehjelp om sommaren. På slutten av 1800-talet var det berre utsikter til fattigdom for mange, og utvandringa til Amerika var stor. Turismen vart ein ny utveg til levebrød for bygdefolket; som sesongarbeid og attåtinntekt.

Lokalavisa observerer i 1898 store endringar i bygda: «Sammenligner man Odda nu og for 50-60 år tilbage, vil Forskjellen bli overvældende. Neppe nogen Bygd i Hardanger kan fremvise saadan Forandring og Fremgang. Dengang stod der et par Smaahuse nede paa Polden, der var ingen Rørelse, og hvad Turister var, hadde man ingen Anelse om. Nu ligger hele Bugten ombygget her, og Værdierne tælles i hundretusinder»

 

Utdrag frå teksten : «Turistane, landskapet og dei fantastiske hotella» Kulturhistorisk vegbok. Forfattarar: Randi Bårtveit og Axel Mykleby.

Postkort: Med hest og slede over Folgefonna
Postkort: Med hest og slede over Folgefonna

 

Fine fruer ved Bondhusbrea
Fine fruer ved Bondhusbrea

 

Postkort: Sundal, Mauranger
Postkort: Sundal, Mauranger
Hotel Hardanger, Odda. foto DigitalMuseum.no
Hotel Hardanger, Odda. foto DigitalMuseum.no

 

Postkort: Med hest og slede over Folgefonna
Postkort: Med hest og slede over Folgefonna

 

Postkort: Hotel Sundal og Bondhusbrea i bakgrunnen
Postkort: Hotel Sundal og Bondhusbrea i bakgrunnen

 

Postkort: Bondhusbrea
Postkort: Bondhusbrea

 

 

Bondhusdalen

Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Buførevegen og Pilegrimsvegen

Over fjellet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, like nord for Folgefonna, går det gamle ferdselsruter. Buførevegen vart brukt til å føra husdyr til sommarbeite og Pilegrimsvegen førte folk over fjellet på veg til det undergjerande krusifikset i Røldal.