Folgefonnsenteret

Sidan Folgefonna nasjonalpark vart opna i 2005 har vi i Rosendal hatt nasjonalparksenter / besøkssenter ope i sommarsesongen.

I 2017 opna Folgefonnsenteret, eit senter som famnar om fleire fagområde enn tidlegare. Utstillinga i Folgefonnsenteret er laga i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen og Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark.

I den interaktive utstillinga kan du sjå og lære mykje spennande om livet i Hardangerfjorden, om Folgefonna nasjonalpark og om klimaendringane. Gjennom utstillingane håpar vi mange vil få større interesse dei store samanhengane på Jorda, men også få kunnskap gjennom dei små historiane vi fortel.

Nasjonalparkstasjonen i utstillinga har og informasjon om alle dei 46 nasjonalparkane i Noreg. Same kva årstid du kjem her, er det mykje å utforska.

Tema i utstillinga er:

  • Vatnet sin syklus på Jorda – filmteater
  • Folgefonna
  • Atmosfæren lågtrykk og nedbør
  • Vatn
  • Historiar om vatn – jorda rundt
  • Energi
  • Hardangerfjorden
  • Bygdene rundt Folgefonna – folk og landskap
  • Folgefonna nasjonalpark
  • Noregs nasjonalparkar
  • Naturmangfald – planter, dyr, fuglar og vassdraga på Folgefonnhalvøya
  • Friluftsliv på Folgefonna
  • Klima og klimaforskarar
  • Ekstremnedbør og naturfare
  • Frå djupet i Hardangerfjorden og havet
  • Havet og fjorden snakkar saman
  • Havet og klimaendringane
  • Skattejakt i havet
  • Havdyra ser i mørket
  • Sex i havet
  • Berekraftig matproduksjon

 

I auditoriet kan du sjå desse kortfilmane:

  • «Av vatn er det skapt» – ei reise i det vestnorske landskapet
  • Drama i Berg – geologi
  • Fjordens Liv – om Hardangerfjorden
  • Der Kronhjorten brøler

 

Innfallsportar og besøksmål

I dei 3 kommunane rundt Folgefonna har vi innfallsportar der du kan få informasjon om nasjonalparken. Vi har også plukka ut ein del besøksmål rundt Folgefonna som vi anbefalar deg å besøkje.

Jettegrytene i Rullestadjuvet, foto Espen Mills

Geologi

Når du har besøkt Folgefonnsenteret og kanskje sett biletspelet «Drama i Berg» anbefalar vi eit besøk i Steinparken i Rosendal eller ein av dei andre steinutstillingane rundt Folgefonna, på Nå, Rullestad eller Langfoss.

Thulitt Steinparken Rosendal
Thulitt Steinparken Rosendal

Aktivitetar

Turstiar i Kvinnherad
Breføring over Folgefonna
Bre- og kajakktur på Møsevatnet
Rideturar i fjellet ved Åkra
Fonnabu
Holmaskjer
Breidablikk

Kontakt

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

-ein del av Folgefonnsenteret i Rosendal

Telefon: +47 53 48 42 80

Epost: epost@folgefonna.info

www.folgefonna.info

Nyttig informasjon

OPNINGSTIDER
15. januar – 12. april
mån – fre 10.30 -14.30

13.april – 29. mai
mån – fre 10.30 – 14.30
laur-søn 12.30 – 16.30

30. mai. – 1.september
kvar dag 10.00-18.00

1. sept – 30. sept.
mån – fre 10.30 – 14.30
laur-søn 12.30 – 16.30

1. oktober – 15. desember
mån-fre 10.30 – 14.30

 

Steinparken i Rosendal

Om du verkeleg ynskjer innblikk i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring, bør du vitje Steinparken i Rosendal. Han ligg berre ti minuttars gang frå hamna og sentrum i fjordbygda. Når du vandrar dei vakre stiane og ser på dei utstilte steinane, ser du så langt som 2,5 milliardar år bakover i tid.

Malmanger prestegard

Malmanger gard har ei historie som går langt attende i tid, kanskje meir enn tusen år. I tunet på prestegarden er det åtte freda bygningar frå ulike tidsbolkar. Den gamle Røykstova på Malmanger vart bygd før 1625 og er den eldste bygningen på tunet.

Geostien i Mauranger

Langs Geostien, som går frå Nordrepollen til Botnabreen, kan du sjå mange teikn på det fascinerande samspelet mellom is og berg. Ei vandring frå pollen inst i Maurangsfjorden og opp til brekanten vil gje deg ei auka forståing av korleis landskapa i Folgefonna nasjonalpark vart forma.

Bondhusdalen

Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.