Jondal nasjonalparklandsby

I Jondal nasjonalparklandsby er den korte avstanden frå fjord til fonn den raude tråden i naturopplevingane. Du byrjar dagen på breen og endar i kajakk eller ved bålet i fjøra om kvelden. Jondal har tilbod til dei fleste!

Jondal ligg i Ullensvang kommune, i Hardanger i Vestland fylke. Folgefonna nasjonalpark 2​ utgjer 153 km​ av kommunen sitt areal. Jondal sentrum er kommunedelsenter med omlag 400 innbyggjarar.

Kommunedelsenteret Jondal har status som nasjonalparklandsby, og har infrastruktur som ein liten tettstad med skule, barnehage, sjukeheim, to daglegvarebutikkar, hotell og gjestgjevarstad, gjestetun, turistkontor og andre serviceinstitusjonar.

Lokale verdiar er knytt til natur, kultur og reiselivsnæring. Nasjonalparklandsbyen knyter fjorden, fjellet og fonna saman i ei heilskapleg oppleving med sin geografi og tilkomst. Her finst is og bre, stein og fjell, fossar og fjord kombinert med estetikk, handverk og næringsutvikling. Bygningsmassen er særeigen med kvite sveitserhus og helletak. Frå sentrum, i retning Krossdalen, er det omlag 20 km og 1200 høgdemeter til Fonna Glacier Ski resort. Jondal er den einaste staden kring Folgefonna som har bilveg heilt fram til brekanten.

I Jondal kan du og få ”smaken av nasjonalparken ” – gode råvarer, tradisjonelle oppskrifter med nyskapande element er sett saman til ein eigen nasjonalparkmeny.

Kommunedelsenteret har ferjekai med avgangar til Tørvikbygd omlag kvar time.

Viketunet, eit gamalt bygdetun, ligg i sentrum. Det er og nokre industribedrifter knytt til sentrum, til dømes er Jondal Precision Industries ei moderne verksemd som arbeidar i stål og aluminium.

7. september 2012 opna Jondalstunnelen, og Jondal gjekk frå å vera ein utkant til å bli eit sentralt gjennomreisepunkt. Tunnelen har gjeve jondølingane lettare tilkomst til nabokommunane Kvinnherad og Odda, og opna for eit nytt reisealternativ mellom Bergen og Odda.

Berre seks tettstader i Noreg har fått offisiell status som nasjonalparklandsby. Jondal er ein av dei. Ein nasjonalparklandsby har fokus på miljø og berekraftig utvikling og har god tilkomst til nasjonalparken. Landsbyen er rik på levande tradisjonar og kultur- og naturskattar, har eit framifrå overnattings- og aktivitetstilbod og gir deg god og oppdatert informasjon om nasjonalparken.

Frå fjord til fonn – aktivitetar som freistar

Med gode overnattingstilhøve og eit breitt servicetilbod er Jondal nasjonalparklandsby det perfekte utgangspunktet om du vil utforska Folgefonna nasjonalpark og resten av halvøya. Tilkomsten til Folgefonna er elles heilt unik; det er berre 19 kilometer frå sentrum til breen, og det er bilveg heilt fram! I sommarsesongen går det éi dagleg bussrute; opp om føremiddagen og ned att om ettermiddagen.

Tenk deg å byrja dagen med ski på beina og avslutta med ein kajakktur på Hardangerfjorden eller ein god kopp kaffi i Kafé Juklafjord ved fjordkanten, mellom høge fjelltoppar og grøne bakkar! Etter ein varm sommardag i blåisen kan det også vera forfriskande å ta eit ettermiddagsbad i fjorden. Stranda i Vik har stupebrett og sanitæranlegg, og det ligg ei triveleg sandvolleyballbane få meter frå sjøen.

På Juklafjord kan du leiga kajakk, kano, båt og sykkel. Du kan òg prøva ei av dei fine gps-løypene som går rundt landsbyen eller melda deg på bretur med førar. Som på andre turistinformasjonar får du kart over heile regionen pluss turkart og sykkelkart.

Juklafjord informasjonssenter

I aktivitets- og kunnskapshuset Juklafjord finst både turistinformasjon og ein hyggjeleg kafé, men først og fremst er det her du finn inspirasjon og får råd og opplysningar du kan lita på. Juklafjord er òg kundesenter for Folgefonni Breførarlag – ekspertane som kjenner desse traktene best.

Huset, bygd som skule i 1895, vart overteke av breførarlaget i 2009. Dei flytta det godt og vel hundre meter nærare sjøen og restaurerte det på varsamt og grundig vis. Kafeen har flott utsikt over fjorden og serverer Hardangermeny – det vil seia god, heimelaga mat basert på tradisjonelle oppskrifter. Du får òg kjøpt lokalprodusert mat i butikken her.

Juklafjord (c) Folgefonna Ecotourism

 

Utstilling som gir innsikt

Utstillinga Folgefonna og fjordbygdene fortel om bygdene langs fjorden, klyngjetun, breen, klimaendring, landskap, villmark, rekreasjon og Jondal sin båtbyggjartradisjon. Alt vel verdt å få med seg. Ti store plakatar viser flora, fauna, geologi, kulturlandskap og andre tema. Her er òg eit åtte kvadratmeter stort relieffkart over Folgefonnhalvøya. Når du løftar av isbreane, får du sjå skjulte innsjøar og korleis terrenget ser ut under isen.

Drama i berg er eit fascinerande 20-minutts biletspel produsert av Randi Storås, med bilete frå nokre av dei dyktigaste naturfotografane på Vestlandet. Eit anna biletspel,Fjordens liv, gir innsikt i fjordane sitt unike økosystem.

FjordensLiv_Plakat_724

 

Aktivitetar

Turstiar i Jondal
Breføring på Folgefonna
Sommarski på Folgefonna
Informasjon om Jondal

Kontakt

Juklafjord / Jondal turistinformasjon

N-5627 JONDAL

Epost: post@visitjondal.no

Tel. 5366 8531 / 9511 7792

www.visitjondal.no

 

 

Fonna glacier ski resort

FONNA er eit sommarskisenter som ligg på isbrea Folgefonna.tidligere kjent som Folgefonn Sommarskisenter. Her er alpinløyper, freestylepark, langrennsløyper og tilbod om guida trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen.

Herand – ei fjordbygd med fargerik historie

Herand ligg vakkert til ved Hardangerfjorden på nordsida av Folgefonnhalvøya. Vi inviterer deg til å rusla gjennom bygda og utforska kulturlandskapet i nærleiken, ei vandring gjennom ei fargerik 9000 år lang historie.

Buførevegen og Pilegrimsvegen

Over fjellet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, like nord for Folgefonna, går det gamle ferdselsruter. Buførevegen vart brukt til å føra husdyr til sommarbeite og Pilegrimsvegen førte folk over fjellet på veg til det undergjerande krusifikset i Røldal.

Bondhusdalen

Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

Besøkssenter og innfallsportar

Det er mange innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark. Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av besøket ditt hos oss.