Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som flokka til Fjord-Norge frå midten av 1800-talet. Turen går frå Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er ei av fleire Historiske vandreruter.
Turisttrafikken til Hardanger var aukande mot slutten av 1800-talet, og behovet for å koma seg opp på Folgefonna var stort. Den første delen av vandreruta, Gardhammarvegen, vart såleis vedteken bygd, og den stod ferdig i 1890. Vegen er bygd som gang og ridesti, breidda var om lag 2,0 m. Heile vegen er bygd med handamakt. Det vart leigd inn ein arbeidsleiar, elles vart nok det meste gjort på dugnad. Økonomisk støtte kom frå Herr Westerich, Deutsche Nordlandsverein, landhandlar Gausvik, bokhandler Bayer, konsul Greve, samt bønder på Sundal og Bondhus. I 2007 vart denne delen av stien restaurert.
Grunneigarane godtok fylgjande klausul: «Benyttelsen av rideveien skal til enhver tid vere fri for alle og enhver. Endvidere forplikter vi os og kommende eiere av vore bruk til at skaffe reisende gode, oppsædlede rideheste i et andtal af indtil 8 – otte daglig – fra Sundal til Folgefonden og videre slædeskyds over fonnen, samt, om forlanges, førere ned til Odda, alt efter de av Den Norske Turistforening fastsatte taxter og bestemmelser.»
Turen startar i Sundal ved Maurangerfjorden. Her kom turistane med store cruisebåtar. Frå Sundal kjører ein 500 m til p-plass. Herfrå går du på grusvei langs Isvegen, ein veg som ble laga for uttak av is frå Bondhusbrea på 1860-talet.
500 m nedanfor Bondhusvatnet delar vegen seg, og turistvegen tar av mot venstre. Vegen stig makeleg opp lia i 18 svinger til Gardshammar, ei idyllisk seter med vidt utsyn og sau og geiter på beite. Frå setra held du fram opp forbi Botnavatnet, og i nordleg retning til Gjeldfeskaret, framleis på delvis oppmurt sti fram til Øyramerkjevatnet. Herifrå tar du søraust bratt opptil hytta Breidablikk 1322 moh. God pausestad før turen fortset sørover Fonnanuten til Fonnabu.
Skal du ta deg vidare over brea til Holmaskjerbu er det viktig at du har naudsynt utstyr og erfaring og/eller går med breførar. Lokallag av DNT arrangerer fleire fellesturar i løpet av sommaren, og det går også an å bestille breføring av Folgefonni Breførarlag.
Frå Holmaskjerbu tar du deg ned til Tokheimskaret. Her går også ein fint lagt ridesti som vart etablert i samband med turistferdsla. Stien vart restaurert i 2002. Du kjem ned i Støladalen der det tidlegare var stølsdrift, men drifta vart nedlagt etter at fleire av bygningane vart tekne av ras. Her møter du den gamle stølsvegen som tar deg helt ned til fjorden. Her vart turistane henta med båtane sine, som i mellomtida hadde segla rundt Folgefonnhalvøya og inn Sørfjorden. I dag kan ein gå dei par kilometrane inn til Odda, eller ta bussen tilbake til Sundal.
«Paa veg til Folgefonden»