Åkrafjordtunet

Åkrafjordtunet ligg på Teigland ved E134, riksvegen som går langs den vakre Åkrafjorden. Dette senteret er ein attraksjon i seg sjølv, og her kan du læra meir om Folgefonna nasjonalpark. Herifrå er det berre éi mil til nasjonalparken og 9 km til den berømte Langfossen.

På Åkrafjordtunet finn du den lokale Turistinformasjonen, ein triveleg kafé og butikkar som sel lokale kvalitetsprodukt. Utstillinga om Folgefonna nasjonalpark inneheld fargerike bilete og forklarande tekstar, byr på ein spennande film og viser variasjonen i lokale bergartar. Her er òg utstilling som fortel om fjordbygdenes tradisjonar og historie, og du får glimt av Eikemostølen fjellgard og fleire gamle gardar som no er fråflytta. Utstillinga om Folgefonna nasjonalpark har særleg fokus på den dramatiske Sandvikedalen som ligg i nærleiken, på Åkrafjorden og på Langfossen falls – som CNN tok med på si liste over verdas ti vakraste fossefall!

Velsmakande lokalmat

Butikken på Åkrafjordtunet byr stolt fram prisvinnande spekemat, viltkjøt og lokale spesialitetar. Kvar torsdag står raspeball med saltkjøt og pølser på menyen i kafeen, medan det på sundag er dekt bord med tre rettar baserte på hevdvunne oppskrifter.

I Turistinformasjonen får du brosjyrar og kart, og det kunnskapsrike personalet svarar gjerne på spørsmål om Folgefonna nasjonalpark og andre attraksjonar i området.

 

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker