Langfoss stuper 600 meter ned fjellsida og renn ut i Åkrafjorden like ved E134. På rasteplassen her er det piknikbord, ein kiosk som sel kjappmat og heimelaga bakst, lokalproduserte matvarer, handverk og suvenirar. Her er òg toalett og andre fasilitetar.

Dei som jobbar i kiosken fortel gjerne om gode stiar, spennande aktivitetar og om overnatting i nærleiken.

Frå parkeringsplassen går det ein sti til toppen av Langfoss. For andre freistar det nok med ein båttur på fjorden – med imponerande utsikt opp mot fossen.

Turskildring Langfoss opp:

Høgdeskilnad: 20 – 881 moh.

Estimert tid: 4 timar t/r.

Turkart: Etne – Saudafjella 1:100.000

Startpunkt og parkering: Langs E39, like ved Langfoss.

Turomtale: Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN kåra i 2011 Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet.

Stien opp Langfoss startar like ved rasteplassen og fylgjer den gamle setervegen frå Eljarvik og opp til Langfosstølen. På toppen av fossen får du ei heilt utruleg oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden snirklar seg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige. Folgefonna i bakgrunnen.

Stien er opprinnelig ein gammal seterveg fra garden Eljarvik til Langfosstølen, som ligg på platået ovanfor Langfoss. Det er mykje flott steinarbeid i stien. Her har tidlegare generasjonar slite seg opp og ned med buskap og tunge bører med smør og ost frå stølen.

Somme stadar finn du fantastiske utsiktspunkt over Åkrafjorden. Høgdepunktet er kan henda når stien kryssar berget på høgde med utlaupet av Langfossen. Her er utsikta utruleg! Du ser ned til vegen der turen starta og ut over Åkrafjorden. Vidare ser du over til Mosnes og den freda dalen innover mot Sandvikevatnet på nordsida av Åkrafjorden. Folgefonna kneisar i bakgrunnen.

No går turen vidare innover langs den idyllisk svingande elva som kjem frå Vaula og endar i Langfossen. Her finn du gode rasteplassar og badekulpar. Du passerar Langfosstølen og fylgjer stien vidare i lett motbakke. Like etter stølen går stien over ein fjellknaus og kloss i elva, slik at du ser rett ned i vassmengdene. Eit flott og dramatisk parti. Her bør du gå over toppen av fjellknausen og fylgja stien vidare der. Denne held høgda og er langt betre å gå på enn den gamle stien nær elva.

Fortsett langs stien på venstre side av elva til du ser varden og hengebrua ved Vaulavatnet i horisonten. Stien treff den T-merka løypa mellom Simlebu og Sandvasshytta. Følg denne til Vaulavatnet (ca. 1.050 moh). Frå Vaula kan du gå attende på tydeleg sti like ved hengebrua og fylgja elva på høgre side nedover dalen. Denne stien treff etter få minutt stien du fulgte på turen oppover.

Også turen tilbake, med nedoverbakke hele tida, merkast godt i beina. Ikkje minst vert knea møre etter kvart. Pass elles nøye på å halda stien. Det er eit svært bratt landskap slik at du fort kan koma på villstrå. Ein bør berekna  4-5 timer timar på denne turen tur / retur.

Om ein ynskjer ein kortare tur, kan ein gå til Varahaugen (ca. 640 m.o.h) som er den fyste toppen, og gå ned igjen.Da tek turen ca 2timar t/r.

 

På veg til toppen av Langfoss, utsyn mot Eljervik © Solvor Grønstad
På veg til toppen av Langfoss, utsyn mot Eljervik © Solvor Grønstad

 

Utsyn ut Åkrafjorden © Solvor Grønstad
Utsyn ut Åkrafjorden © Solvor Grønstad

 

Langfoss © Erik Kvalheim
Langfoss © Erik Kvalheim

Aktivitetar

Langfoss Opp
Tursti til Jettegrytene i Rullestadjuvet
Fjordcruise på Åkrafjorden

Rullestad

Grenda Rullestad ligg ved eit vatn mellom vakre fjell aust for Åkrafjorden. Heile området rundt byr på storslått natur, spennande attraksjonar og varierte aktivitetar. Her finn du òg ulike tilbod om overnatting.

Åkrafjordtunet

Åkrafjordtunet ligg på Teigland ved E134, riksvegen som går langs den vakre Åkrafjorden. Dette senteret er ein attraksjon i seg sjølv, og her kan du læra meir om Folgefonna nasjonalpark. Herifrå er det berre éi mil til nasjonalparken og 9 km til den berømte Langfoss.

Buardalen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.