Open: | Always open! Year round. |
---|---|
Admission: | Free |
Guided tours: | By appointment |
Steinparken ligg berre ti minuttars gang frå hamna og sentrum i fjordbygda. Når du vandrar dei vakre stiane og ser på dei utstilte steinane, ser du så langt som 2,5 milliardar år bakover i tid.
Andletet til ein gammal mann eller ei gammal kvinne viser teikn på livet som er levd. Likeins ber jorda preg av si fascinerande historie. Du kan læra å lesa teikna i overflata og sjølve terrenget, lesa steinlaga og komplekse faldar der desse er skorne fram av is eller vatn, og sjølvsagt òg lesa sjølve grunnfjellet der fjellsida løftar seg over dalane. Berggrunnen sin varierte geologi har hatt ei avgjerande rolle for korleis området er blitt forma av naturkreftene, til dei storslåtte landskapa du ser på Folgefonnhalvøya i dag.
I Steinparken kan du sjå bergartar utstilte langs stiane som går i vakker skog ved Mehlselvo. Ikkje langt unna står høge fjell som ei påminning. Store steinblokker er samla frå ulike stader i regionen og viser ein slåande variasjon. Blokkene er til dels slipte slik at du kan sjå bergartane både i polert form og i naturleg tilstand. Her er koronitt (fylkessteinen til Hordaland), kulegabbro (ein av dei sjeldnaste bergartane i landet) og serpentinitt (parken sitt grøne smykke!). Her er òg 1,4 milliardar år gammalt konglomerat frå 1300 meters høgd ved Jonsstein i Jondal, som den gong var rullesteinslag på «Folgefonnstrand». Alt i alt er det utstilt meir enn 30 ulike bergartar.
Jorda si 4600 millionar lange historie er full av dramatikk og fantastiske hendingar, like frå starten og fram til den korte historia til menneska. Men desse lange tidsbolkane er vanskelege å fatta, derfor er det laga ein 23 meter lang steinvegg som viser jorda si historie.
Her er kvernsteinar og krystallar, ein idyllisk bekk med dam og trakkestein, kvilesteinar med utsikt over særs flotte parti, og rasteplassar der bord og benker er hogde av stein!
Open: | Always open! Year round. |
---|---|
Admission: | Free |
Guided tours: | By appointment |