Landskapspark og kultursti

Herand Landskapspark er ein av få i Noreg, og han er prislønt. Bygdefolket i Herand har gjennom tallause dugnadstimar lagt til rette for ei kulturvandring gjennom bygda.

Informasjonstavler fortel meir om det du ser – om den lokale geologien, om plantelivet og kulturhistoria, og om korleis du kan tyda talande teikn i landskapet. Tavlene inneheld informasjon om hellerane som vart brukte som bustader i steinalderen, om helleristningane i Herand, og om oppgangssaga som den dag i dag skjer plank frå tømmer på gamlemåten. Du får vita korleis gardsbruk gjennom fleire tusen år har forma landskapet, og om stuva tre som bøndene sanka lauv frå – om vinteren vart lauvet brukt til dyrefôr.

Hugs å ta med ein matbit. Her finn du piknikbord og benker med storslegen utsikt over fjorden og bygda.

Historia til helleristningane

Du kan ikkje unngå å sjå helleristningane på Mariskarvet. På berget berre eit steinkast frå sentrum finn du heile 85 teikn frå bronsealderen – båtar, menneskefigurar, ringar og groper. Ringane er truleg solsymbol, ei feiring av naturen sin evige syklus med liv, død og atterføding. Ei informasjonstavle ved Mariskarvet fortel meir.

Dei stolte båtbyggjarane

I Herand har båbygging lang tradisjon. På slutten av 1800-talet var Herand ein av dei største båtbyggjarstadene på Vestlandet. Berre i året 1890 vart det bygd 300 båtar i den vesle bygda. Mange store naust langs sjøkanten vitnar om denne tida. Eitt av nausta er i dag museum der du kan studera det gamle handverket på nært hald. Her er verktøy, arbeidsteikningar, bilete og ordrebøker som dokumenterer denne viktige epoken i bygda si historie. Du kan òg sjå ein Herands-gavlbåt, som er tverr akter med garnrull til å dra inn nót og garn.

Oppgangssaga

Midt i bygda ligg ei 400 år gammal oppgangssag, ei vassdriven sag med rett sagblad som går opp og ned. Når ni sagblad kuttar tømmer i plank, kan du verkeleg kjenna den herlege lukta av nyskore trevirke!

Slike sager vart tekne i bruk i landet frå omkring 1500-talet, og revolusjonerte trelasthandelen og gav gode tider i mange bygder. I fleire hundre år var det stor eksport av tømmer frå skogane på Vestlandet til Skottland og andre stader. Materialar som blir skorne her i dag, blir selde til andre restaureringsformål, som til dømes Bryggen i Bergen, men også til private huseigarar som legg flid i å nytta autentiske materialar.

Mange kulturskattar

Herand byr på fleire attraksjonar. Rett ved sjøkanten ligg Krambua, ein restaurert landhandel. Midt mellom hundre år gamle epletre og den brusande elva i Herand ligg garden Tveite med sitt velstelte gardstun. Eit anna gammalt gardstun, Eikjetunet, er under restaurering. Det er eit unikt tobølt tun frå 1600-talet. Hardanger Kulturgalleri er ein kulturskatt du ikkje må gå glipp av. Galleriet ligg i ei gammal løe som er restaurert med spennande moderne element. Her blir det halde kunstutstillingar, konsertar og ulike kulturarrangement.

Kulturhistorisk Senter

Herand Kulturhistoriske Senter er lokalisert i det gamle skulebygget. Utstillinga Ei reise gjennom 9000 år tek for seg kulturlandskapet og historia i Herand frå siste istid og fram til 1900-talet, med tema som gammal busetjing under hellerane, helleristningane frå bronsealderen, nausttuft og gravfunn frå jernalderen, båtbygging, oppgangssaga og tømmereksport, og korleis eldgamle jordbrukstradisjonar har forma kulturlandskapet. Denne utstillinga er ei framifrå innleiing til di eiga vandring på kulturstien og vitjinga av dei mange attraksjonane i Herand.

2015-06-03 09.11.51

Jondal nasjonalparklandsby og Juklafjord informasjonssenter

Ein viktig innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Jondal nasjonalparklandsby, ei sjarmerande fjordbygd vest for nasjonalparken. Jondal har god grunn til å skryta av nydelege gamle trehus og lange båtbyggjartradisjonar. Her finn du òg informasjonssenteret Juklafjord.

Fonna glacier ski resort

FONNA er eit sommarskisenter som ligg på isbrea Folgefonna.tidligere kjent som Folgefonn Sommarskisenter. Her er alpinløyper, freestylepark, langrennsløyper og tilbod om guida trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen.