Andletet til ein gammal mann eller ei gammal kvinne viser teikn på livet som er levd. Likeins ber jorda preg av si fascinerande historie. Du kan læra å lesa teikna i overflata og sjølve terrenget, lesa steinlaga og komplekse faldar der desse er skorne fram av is eller vatn, og sjølvsagt òg lesa sjølve grunnfjellet der fjellsida løftar seg over dalane. Berggrunnen sin varierte geologi har hatt ei avgjerande rolle for korleis området er blitt forma av naturkreftene, til dei storslåtte landskapa du ser på Folgefonnhalvøya i dag.

Stein med både polert og naturleg overflate

I Steinparken kan du sjå bergartar utstilte langs stiane som går i vakker skog ved Mehlselvo. Ikkje langt unna står høge fjell som ei påminning. Store steinblokker er samla frå ulike stader i regionen og viser ein slåande variasjon. Blokkene er til dels slipte slik at du kan sjå bergartane både i polert form og i naturleg tilstand. Her er koronitt (fylkessteinen til Hordaland), kulegabbro (ein av dei sjeldnaste bergartane i landet) og serpentinitt (parken sitt grøne smykke!). Her er òg 1,4 milliardar år gammalt konglomerat frå 1300 meters høgd ved Jonsstein i Jondal, som den gong var rullesteinslag på «Folgefonnstrand». Alt i alt er det utstilt meir enn 30 ulike bergartar.

Jorda si fascinerande historie på steinvegg

Jorda si 4600 millionar lange historie er full av dramatikk og fantastiske hendingar, like frå starten og fram til den korte historia til menneska. Men desse lange tidsbolkane er vanskelege å fatta, derfor er det laga ein 23 meter lang steinvegg som viser Jorda si historie.

Kor gamle er bergartane og fjella på Folgefonnhalvøya? Når oppstod livet på Jorda? Kvifor gjekk det så lang tid før livet verkeleg utfalda seg for alvor? Når vart jorda grøn? Korleis oppstod oljeressursane? Kor lang er mennesket si historie, og kvar kjem vi frå? I Steinparken ønskjer vi å formidla nokre smakebitar av den geologiske og biologiske utviklinga gjennom dei lange geologiske tidsbolkane i jorda si historie.

Ein idyll i naturen

Her er kvernsteinar og krystallar, ein idyllisk bekk med dam og trakkestein, kvilesteinar med utsikt over særs flotte parti, og rasteplassar der bord og benker er hogde av stein!

Steinparken Rosendal vil vekkja undring hos både unge og eldre, gje svar og inspirera til fleire spørsmål.

Steinparken nærbilder bergartar foto Svein Opdal (2)

 

Thulitt Steinparken Rosendal

 

Informasjon

Brosjyre for Steinparken
Geologi på www.steinparken.no

Kontaktinformasjon

Rosendalstiftinga
Postboks 190, N-5486 Rosendal
post@rosendalstiftinga.no
Øystein Skaala (leiar) Tlf. 47 62 78 78 ::
Jostein Hatteberg Tlf. 53 48 15 90 ::

Practical info

Open: Always open!
Year round.
Admission: Free
Guided tours: By appointment

Malmanger prestegard

Malmanger gard har ei historie som går langt attende i tid, kanskje meir enn tusen år. I tunet på prestegarden er det åtte freda bygningar frå ulike tidsbolkar. Den gamle Røykstova på Malmanger vart bygd før 1625 og er den eldste bygningen på tunet.

Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark

Velkommen til Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark, som er ein del av Folgefonnsenteret i Rosendal. Eit besøk i senteret før du tek turen inn i naturen er ein god idé. Her kan du sjå ei spennande utstilling, og læra om naturmangfaldet i nasjonalparken

Bondhusdalen

Dei som har valfarta vel og lenge på Folgefonnhalvøya er hjartans einige: Bondhusdalen er det aller vakraste dalføret – og vi kan trygt anbefala ein fottur dit. Høgdepunktet er brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.