Buardalen – ein fottur til kanten av breen

Frå Odda er det enkelt å ta seg fram til Folgefonna. Køyrer du åtte kilometer opp til Buer, kan du sjå breen allereie frå parkeringsplassen. Ein merkt sti fører deg opp til Buarbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna.

Stien snor seg oppover den frodige Buardalen, mellom steile fjellsider. Kvar vinter forsvinn sola herifrå i fleire månader i strekk. Brølet du høyrer, er nok frå Buarelvi, som rasar nedover med enorme mengder smeltevatn til Sandvinvatnet.

På 1890-talet vart det bygd eit hotell på Buer (250 moh.). Her kunne dei innlosjera turistane som kom frå fjerne himmelstrøk for å oppleva den etter kvart berømte breen. For hundre år sidan rakk brearmen nesten ned til dei øvste gardane. Men den kraftige vinden frå eit digert snøras i 1897 reiv hotellet frå grunnmuren. Det vart aldri bygd opp att.

Du bør rekna tre timar på fotturen frå Buer til brekanten og tilbake. Sørg for å ha gode støvlar, og ta med deg niste. Framleis eventyrlysten? Då er det berre å melda seg på vandring over breen med førar – informasjon om det får du frå innfallsportane til Folgefonna.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker