Bergen – Rosendal – Folgefonna
To gonger dagleg går Hardangerfjordekspressen frå Bergen, via Os og Malkenes (Tysnes) til Rosendal. www.rodne.no
Dersom du skal vidare til Sundal (Bondhusdalen) eller Odda er det korresponderande buss vidare til dei fleste anløpa.
Det er Rute nr. 760 som går mot Odda og du kan planlegge reiseruta di med reiseplanleggjaren på www.skyss.no
Bergen – Norheimsund – Herand – Folgefonna
Du kan i sommarsesongen reise på dagstur frå Bergen til sommarskisenteret på Folgefonna (Jondal). Turen går med buss frå Bergen til Norheimsund, båt over fjorden til Herand og så buss opp til sommarskisenteret, der du kan bli med på brevandring eller stå på ski.
Oslo – Odda – Jondal – Bergen
Haukeliekspressen går 3 gonger i døgnet mellom Oslo og Bergen.