Spennande stilling for deg som er interessert i natur og reiseliv!
Utlysing av stilling som
Rådgjevar reiseliv / Leiar Besøkssenter Folgefonna nasjonalpark
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune lyser ut ledig stilling.
Vår dyktige reiselivsmedarbeidar går over i anna stilling og vi søkjer hennar erstattar for snarleg tilsetting.
Prioriterte arbeidsfelt ved tilsetting vil vere ansvar for drift og utvikling av Kvinnherad turistinformasjon og besøkssenter nasjonalpark Folgefonna. Stillinga er delt med 60 % på turisme og 40 % på besøkssenter nasjonalpark Folgefonna.
Sentrale arbeidsoppgåver er å informere om reiselivstilbod i regionen og om Folgefonna nasjonalpark, publisere på fleire nettstader og i ulike sosiale medium, utarbeide trykksaker, planlegge og gjennomføre presse- og visingsturar, kontakt med og tilrettelegging for reiselivsverksemdene i Kvinnherad, deltaking i ulike arrangementskomitear, utvikling av utstillingar og opplevingstilbod og fasilitering av ulike arrangement, konferansar, møte o.l. Til stillinga ligg vertskap i turistkontoret og koordinering av dei tilsette ekstrahjelpene i høgsesong. I stillinga ligg eit utstrakt samarbeid med Stiftinga Folgefonnsenteret.
Fagområdet er i kontinuerleg utvikling og står truleg framfor ei mindre omorgansiering. Ein må såleis rekne med at oppgåver fell frå og nye kjem til.
Arbeidsstad er Folgefonnsenteret i Rosendal der turistkontoret er samlokalisert med besøkssenter for nasjonalparken, det kommunale skipsbyggingsmuseet, Stiftinga Folgefonnsenteret og tilsette frå fleire samarbeidspartar innan forsking og forvaltning.
Stillinga høyrer til Seksjon kultur, næring og utvikling. Til seksjonen ligg oppgåver innan strategisk og praktisk næringsarbeid, turisme og vertskap, landbruk, kommuneplanlegging, offentleg utarbeidde reguleringsplanar, folkehelse, naturvern og klima, kulturadministrasjon og kultursenter. Stillinga vert ein del av fagområdet næringsutvikling.
Den som vert tilsett må vere fleksibel og førebudd på å ta del i andre oppgåver ved seksjonen. Innhaldet i stillinga og organisering av arbeidsoppgåvene vil kunne endra seg over tid avhengig av seksjonen sine samla behov.
Våre forventningar til deg som søkjer:
– Reiselivsutdanning og/eller utdanning innan naturrettleiing, administrasjon eller marknadsføring
– Relevant arbeidserfaring
– Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne
– God lokalkunnskap
– Gode digitale ferdigheiter
– Erfaring med publisering i trykte og digitale medium
– Utviklingsorientert og fleksibel
– Gode evner til strategisk tenking
– Evne til å arbeide sjølvstendig og med god produktivitet
– Gode samarbeidsevner
– Førarkort klasse B og tilgang til privatbil
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar og samfunnsengasjement vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Søknadsfrist: 22.04.19
KONTAKTAR:
Anbjørn Høivik, Seksjonsleiar, anbjorn.hoivik@kvinnherad.kommune.no – Mobil 91705737
Karen Løvfall Våge, Rådgjevar, karen.lovfall.vaage@kvinnherad.kommune.no – Mobil 95824275