Folgefonna nasjonalpark er kjend for dramatisk og mangfaldig natur, med fjordar og fjell, isgrønt smeltevatn og blåis. Her ligg alt til rette for flotte naturopplevingar, anten du berre svingar innom eller vil nyte området i fleire dagar.
Breen og nærområdet byr på unike innblikk i kva som gjekk føre seg den gongen innlandsisen dekte store delar av Skandinavia, då brearmane grov ut fjordane og dalane som gjer vestlandsnaturen så vidgjeten.
I Folgefonna nasjonalpark kan du bevege deg frå lune fjordarmar i Hardanger, gjennom djupe dalar med fossande elvar, forbi blågrøne brefall og opp på høgfjellet med utsyn over landets tredje største isbre, Folgefonna.
Folgefonna er eigentleg ei samling av tre brear: Nordfonna, Midtfonna og Sørfonna. Til saman dekkjer dei eit område på om lag 200 km2, og iskappa er nesten 600 meter djup på det tjukkaste. Det høgaste punktet på breen ligg på 1662 moh. På Sørfonna fell det i snitt 5500 millimeter nedbør kvart år, og det gjer toppen av Folgefonna til ein av dei våtaste plassane i Noreg.
Fire landskapsvernområde har grense til nasjonalparken: Bondhusdalen, Buer, Ænesdalen og Hattebergsdalen. Desse trekk mange besøkjande – med god grunn. Bondhusdalen reknast av mange som det aller vakraste dalføret på Folgefonnhalvøya, men alle landskapsvernområda tilbyr fine opplevingar og turmoglegheiter.