Overnatting ved Folgefonna

Fjordbygdene i nærleiken av Folgefonna nasjonalpark byr på god og variert overnatting. Her er historiske hotell og sjarmerande gjestgjevarheimar, campingplassar i vakker natur, hytter og rom i private bustader. Du kan velje det som passar dine ønske og reisebudsjett.

Kan hende det freistar med ein jordnær gardsferie? Reiser du med familien, kan borna ha stor glede av nærkontakt med nyfødde lam og dei andre dyra på garden.

Den Norske Turistforening (DNT) har fleire hytter i nasjonalparken – ja, og på sjølve breen!

For meir informasjon kan du kontakte ei av Folgefonna Nasjonalpark sine Innfallsporter, Nasjonalparksenteret eller Turistinformasjonen.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker