Dette er eit av dei eldste husa i Kvinnherad, og ei av dei best bevarte borgstovene i Sunnhordland.

Fleire av prestane på Malmanger hadde interesser som strakte seg langt utover teologien, og historia til Malmanger femner vidt, frå levekår, sosiale tilhøve, bygningshistorikk, landbruket si historie, naturtilhøve, klimaendringar og helsevesen. Malmanger har derfor ein lang og sterk formidlingstradisjon.

Ein av dei mest markante og vidgjetne prestane på Malmanger gjennom alle tider er Nils Hertzberg (1759–1841). Han hadde teologisk embetseksamen frå København, men skaffa seg i tillegg store kunnskapar innanfor matematikk, fysikk, kjemi, landmåling, meteorologi og medisin. Alt i 1802 hadde han gjennomført sitt eige vaksinasjonsprogram mot koppar. Dei meteorologiske dagbøkene han førte frå 1797 til 1840, inneheld dei eldste observasjonane av temperatur og lufttrykk i Noreg – kan hende var Nils Hertzberg den første klimaforskaren i Noreg?

Regionen Kvinnherad er svært rik på fornminne, også i nasjonal målestokk. I samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Arkikon og Bergen Museum er det utforma ei fornminneutstilling med utgangspunkt i funn frå desse bygdene. Funna spenner over om lag 8000 år, frå eldre steinalder fram til mellomalderen. Utstillinga viser korleis dei første menneska som kom til Hardangerfjorden, laga reiskapane sine av flint. PåLundsmyrbuplassen vart det funne mange øksar, dei fleste av grønstein. Dei små, smale stykka har vore sette inn i skaft av bein eller tre og nytta som piler, spyd og knivar.Skålabuplassen er om lag tusen år yngre enn Lundsmyrbuplassen. Utstillinga har to små fiskesøkke av kleberstein, eit smykke av dyretenner og noko av det som var laga av bein: fiskekrokar, nål og skaft.

Omvisning på førespurnad.

Malmanger prestegard, Rosendal foto: Helen Petersen
Malmanger prestegard, Rosendal
foto: Helen Petersen

Kontaktinformasjon

Rosendalstiftinga
Postboks 190, N-5486 Rosendal
post@rosendalstiftinga.no
Øystein Skaala (leiar) Tlf. 47 62 78 78
Jostein Hatteberg Tlf. 53 48 15 90

Steinparken i Rosendal

Om du verkeleg ynskjer innblikk i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring, bør du vitje Steinparken i Rosendal. Han ligg berre ti minuttars gang frå hamna og sentrum i fjordbygda. Når du vandrar dei vakre stiane og ser på dei utstilte steinane, ser du så langt som 2,5 milliardar år bakover i tid.

Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna

Velkommen til Besøkssenter nasjonalpark Folgefonna, som er ein del av det nye Folgefonnsenteret i Rosendal. Eit besøk i senteret før du tek turen inn i naturen er ein god idé. Her kan du sjå ei spennande utstilling, og læra om naturmangfaldet i nasjonalparken

Geostien i Mauranger

Langs Geostien, som går frå Nordrepollen til Botnabreen, kan du sjå mange teikn på det fascinerande samspelet mellom is og berg. Ei vandring frå pollen inst i Maurangsfjorden og opp til brekanten vil gje deg ei auka forståing av korleis landskapa i Folgefonna nasjonalpark vart forma.