Kulturminnet Malmanger gard

Malmanger gard har ei historie som går langt attende i tid, kanskje meir enn tusen år. I tunet på prestegarden er det åtte freda bygningar frå ulike tidsbolkar. Den gamle Røykstova på Malmanger vart bygd før 1625 og er den eldste bygningen på tunet. Dette er eit av dei eldste husa i Kvinnherad, og ei av dei best bevarte borgstovene i Sunnhordland.

Fleire av prestane på Malmanger hadde interesser som strakte seg langt utover teologien, og historia til Malmanger femner vidt, frå levekår, sosiale tilhøve, bygningshistorikk, landbruket si historie, naturtilhøve, klimaendringar og helsevesen. Malmanger har derfor ein lang og sterk formidlingstradisjon.

Ein av dei mest markante og vidgjetne prestane på Malmanger gjennom alle tider er Nils Hertzberg (1759–1841). Han hadde teologisk embetseksamen frå København, men skaffa seg i tillegg store kunnskapar innanfor matematikk, fysikk, kjemi, landmåling, meteorologi og medisin. Alt i 1802 hadde han gjennomført sitt eige vaksinasjonsprogram mot koppar. Dei meteorologiske dagbøkene han førte frå 1797 til 1840, inneheld dei eldste observasjonane av temperatur og lufttrykk i Noreg – kan hende var Nils Hertzberg den første klimaforskaren i Noreg?

Regionen Kvinnherad er svært rik på fornminne, også i nasjonal målestokk. I samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Arkikon og Bergen Museum er det utforma ei fornminneutstilling med utgangspunkt i funn frå desse bygdene. Funna spenner over om lag 8000 år, frå eldre steinalder fram til mellomalderen. Utstillinga viser korleis dei første menneska som kom til Hardangerfjorden, laga reiskapane sine av flint. På Lundsmyrbuplassen vart det funne mange øksar, dei fleste av grønstein. Dei små, smale stykka har vore sette inn i skaft av bein eller tre og nytta som piler, spyd og knivar. Skålabuplassen er om lag tusen år yngre enn Lundsmyrbuplassen. Utstillinga har to små fiskesøkke av kleberstein, eit smykke av dyretenner og noko av det som var laga av bein: fiskekrokar, nål og skaft.

Andre Folgefonna attraksjonar i Rosendal:

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker