Odda servicesenter

Odda ligg inst i Sørfjorden. Frå Servicesenteret på rådhuset, som også gjer teneste som turistinformasjon, får du god informasjon om Folgefonna nasjonalpark og mange andre attraksjonar i regionen.

I Odda servicesenter finn du informasjonstavler om den flotte naturen, stiar, kart over regionen og meir. Odda ligg omkransa av høge fjell inst i Sørfjorden. Fjordbyen har ei stolt industrihistorie – Odda hadde ei viktig rolle i norsk industri si pionertid ved førre hundreårsskifte, og industrialiseringa var eine og åleine basert på vasskraft.

I nærleiken av Odda kan du sjå fleire vakre fossar som tumlar nedover fjellsidene, og det er ikkje langt opp til Folgefonna. Dette gjer Odda til ein glimrande base for den som vil utforska regionen.

Vi anbefaler spesielt turar til Buardalen og Holmaskjer i Folgefonna nasjonalpark. For begge destinasjonar finn du god parkering og informasjonstavler der stiane startar. På Egne Hjem, eit bustadfelt halvannan kilometer frå Odda, er det òg piknikbord og toalett. Stien til Holmaskjer turisthytte er godt merkt, og der det trengst, er det bruer eller sikringstau. Turisthytta er sjølvbetent.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker