Jondal nasjonalparklandsby og Juklafjord informasjonssenter

Ein viktig innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Jondal nasjonalparklandsby, ei sjarmerande fjordbygd vest for nasjonalparken. Jondal har god grunn til å skryta av nydelege gamle trehus og lange båtbyggjartradisjonar. Her finn du òg informasjonssenteret Juklafjord.

Berre seks tettstader i Noreg har fått offisiell status som nasjonalparklandsby. Jondal er ein av dei. Ein nasjonalparklandsby har fokus på miljø og berekraftig utvikling og har god tilkomst til nasjonalparken. Landsbyen er rik på levande tradisjonar og kultur- og naturskattar, har eit framifrå overnattings- og aktivitetstilbod og gir deg god og oppdatert informasjon om nasjonalparken.

Juklafjord informasjonssenter

I aktivitets- og kunnskapshuset Juklafjord finst både turistinformasjon og ein hyggjeleg kafé, men først og fremst er det her du finn inspirasjon og får råd og opplysningar du kan lita på. Juklafjord er òg kundesenter for Folgefonni Breførarlag – ekspertane som kjenner desse traktene best.

Huset, bygd som skule i 1895, vart overteke av breførarlaget i 2009. Dei flytta det godt og vel hundre meter nærare sjøen og restaurerte det på varsamt og grundig vis. Kafeen har flott utsikt over fjorden og serverer Hardangermeny – det vil seia god, heimelaga mat basert på tradisjonelle oppskrifter. Du får òg kjøpt lokalprodusert mat i butikken her.

Utstilling som gir innsikt

Utstillinga Folgefonna og fjordbygdene fortel om bygdene langs fjorden, klyngjetun, breen, klimaendring, landskap, villmark, rekreasjon og Jondal sin båtbyggjartradisjon. Alt vel verdt å få med seg. Ti store plakatar viser flora, fauna, geologi, kulturlandskap og andre tema. Her er òg eit åtte kvadratmeter stort relieffkart over Folgefonnhalvøya. Når du løftar av isbreane, får du sjå skjulte innsjøar og korleis terrenget ser ut under isen.

Drama i berg er eit fascinerande 20-minutts biletspel produsert av Randi Storås, med bilete frå nokre av dei dyktigaste naturfotografane på Vestlandet. Eit anna biletspel, Fjordens liv, gir innsikt i fjordane sitt unike økosystem.

Frå fjord til fonn – aktivitetar som freistar

Med gode overnattingstilhøve og eit breitt servicetilbod er Jondal nasjonalparklandsby det perfekte utgangspunktet om du vil utforska Folgefonna nasjonalpark og resten av halvøya. Tilkomsten til Folgefonna er elles heilt unik; det er berre 19 kilometer frå sentrum til breen, og det er bilveg heilt fram! I sommarsesongen går det éi dagleg bussrute; opp om føremiddagen og ned att om ettermiddagen.

Tenk deg å byrja dagen med ski på beina og avslutta med ein kajakktur på Hardangerfjorden eller ein god kopp kaffi i Kafé Juklafjord ved fjordkanten, mellom høge fjelltoppar og grøne bakkar! Etter ein varm sommardag i blåisen kan det også vera forfriskande å ta eit ettermiddagsbad i fjorden. Stranda i Vik har stupebrett og sanitæranlegg, og det ligg ei triveleg sandvolleyballbane få meter frå sjøen.

På Juklafjord kan du leiga kajakk, kano, båt og sykkel. Du kan òg prøva ei av dei fine gps-løypene som går rundt landsbyen eller melda deg på bretur med førar. Som på andre turistinformasjonar får du kart over heile regionen pluss turkart og sykkelkart.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker