Agatunet, som er særdeles vakkert og godt bevart, har ei lang og rik historie. Arkeologiske funn tyder på busetjing allereie i steinalderen, og Lagmannsstova, bygd i 1220-30, er er såleis etter alt å døma det eldste verdslege (profane) mellomalderbygg på opphavleg plass i landet.

Det er i dag 45 freda bygningar på Aga. I tillegg kjem dei 10 verna nausta. Totalt altså 55 hus med vernestatus. Tunet er såleis det aller største ivaretekne klyngetun / bondelandsby i Noreg

30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Tunet er ope for publikum i sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement.

Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.

Frå fjord til fjell

Etter ei omvising med guide i den gamle grenda, kan du nyta biletspelet Drama i berg. Det gjev glimt av Folgefonna nasjonalpark og fortel om dei mektige naturkreftene som forma landskapet. Eit anna biletspel, Fjordens liv, tek deg med på ei reise i Hardangerfjorden, ned til ei verd vi har visst lite om – ei verd full av liv. Rett under der vi sit og fiskar, bur underlege, vakre og fargerike skapningar dei færraste har sett. Begge biletspela varar i 20 minutt.

Kaffi og lokalmat

I kafeen kan du kjøpa vaflar som blir laga med egg frå hønene som vandrar fritt på Agatunet. Nyt gjerne vaflane med eit glas lokalprodusert eplejuice og kanskje ein kopp kaffi.

kulturhistorie_l

Informasjon

Buførevegen - Pilegrimsvegen
Skredløypa frå Reisæter til Agatunet
Hardanger folkemuseum, Utne
Overnatting i Ullensvang

Kontakt

Agnete Sivertsen (styre), Anke Puck (vertskap)

Telefon 53 66 22 14 / 53 67 00 40
E-post post@agatunet.no
Nettside www.agatunet.no

Nyttig informasjon

Ope: 10 – 17 kvar dag,
20. juni – 12. august
Priser: Vaksne kr 70
Born < 12 år gratis
Grupper etter avtale

Vikebygd landskapspark

Velkomen til det grøderike og fruktbare landskapet mellom den blågrøne Hardangerfjorden og den snøkvite Folgefonna. Grunnlaget for busetnaden her er skapt av fleire istider og naturkreftene sine langsiktige krefter. Her finn du planter som er utenkelege på same breiddegrader andre stader i verda. Her kan du oppleva gamle klyngetun med mellomalderhistoriar.

Velkomen til Vikebygd Landskapspark!

Landskapsparkar er unike natur- og kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Landskapspark er eit internasjonal kjent kvalitetsomgrep for bærekraftig utvikling med natur- og kulturlandskap som ressurs.

Vikebygd er ein skulekrins i Ullensvang herad på vestsida av Sørfjorden. Folketalet er på om lag 600. Bygda er geografisk avgrensa av Kvitnoelva i sør og Velure i nord og ligg sentralt plassert mellom Folgefonna og Hardangervidda nasjonalpark, og er dermed eit godt utgangspunkt for mange varierte natur-og kulturopplevingar. Du kan ta deg kortare turar langs merkja stiar i liene, du kan vandre over fjellet mot Jondal, eller du kan til dømes vitje det gamle høvdingesete Agatunet, med lagmannstova frå ca 1250. Vidare ligg både Trolltunga, Buerbreen, Folgefonna sommarskisenter og Baroniet Rosendal lett tilgjengeleg frå Vikebygdkrinsen.

Vikebygd Landskapspark AS (Forkorta til VLP) er ei vidareføring av bygdemobilisering for bærekraftig, landbruksbasert næringsutvikling i Vikebygd. På mange måtar vaks initiativet ut av den store innsatsen då bygda sto som vertskap for opninga av landbruket si nasjonale hundreårsmarkering av unionsoppløysinga i 2005, kalla Streif. I etterkant vart det fokusert på korleis vi kunne bruke det flotte natur og kulturlandskapet og landbrukstradisjonane til å skapa nye næringar og arbeidsplasser til beste for innbyggjarane. VLP som selskap vart stifta med aksjekapital på rundt 270 000 frå enkeltpersonar og verksemder frå eller med tilknyting til bygda og Ullensvang herad.

Attraksjonar / Aktivitetar

Ingen stader i Noreg finst så mange gamle klyngetun (bondelandsbyar) som her. Av dei er det freda  Agatunet med hus like frå mellomalderen i nasjonal særklasse. I det fruktbareog vakre landskapet som strekkjer seg frå fjorden  og opp til Folgefonna ligg det mange spanande attraksjonar og opplevingar å ventar på gjester i alle aldersklassar. Her kan du vandra på vegar gjennom frukthagar tun og utmark. Du kan få omvisingar på fruktgardar, oppleva blomstring, frukthaust og vandra der pilgrimar gjekk i mellomalderen. Eller kansje du vil vandra i fotefara til dronninga vår?

Informasjon om landskapsparken

Vikebygd landskapspark

Buførevegen og Pilegrimsvegen

Over fjellet mellom Sørfjorden og Hardangerfjorden, like nord for Folgefonna, går det gamle ferdselsruter. Buførevegen vart brukt til å føra husdyr til sommarbeite og Pilegrimsvegen førte folk over fjellet på veg til det undergjerande krusifikset i Røldal.

Fonna glacier ski resort

FONNA er eit sommarskisenter som ligg på isbrea Folgefonna.tidligere kjent som Folgefonn Sommarskisenter. Her er alpinløyper, freestylepark, langrennsløyper og tilbod om guida trugeturar. Frå toppen av skiheisen 1450 moh. er det fantastisk utsikt over breen, Hardangerfjorden og Nordsjøen.

Turistvegen over Folgefonna

Turistvegen over Folgefonna er ein fottur som følgjer i spora etter dei europeiske turistane som flokka til Fjord-Norge frå midten av 1800-talet. Turen går frå Sundal i Mauranger til Sørfjorden i Hardanger over Folgefonna. Ruta er ei av fleire Historiske vandreruter.

Odda turistinformasjon

Odda ligg inst i Sørfjorden. Ved turistinformasjonen får du god informasjon om Folgefonna nasjonalpark og mange andre attraksjonar i regionen.

Om nasjonalparken

Folgefonna er den tredje største isbreen på det norske fastlandet og har vore ein attraksjon for turistar sidan 1833. I dag utgjer han kjernen i Folgefonna nasjonalpark. Både i og utanfor parken er det fleire isfall og bretunger, grovskorne dalar og fossande elvar med isgrønt smeltevatn.