Innfallsportane til Folgefonna

Det er mange innfallsportar til Folgefonna nasjonalpark. Ein «innfallsport» er ein stad der du kan få verdifull informasjon som gjev størst mogeleg utbyte av utforskinga di. Våre venlege lokalkjende ekspertar kan òg peika på kvar det er best med ein base. Overnatting i regionen vår varierer frå det eksklusive og pittoreske til det enkle og sjarmerande.

«Innfallsporten» har lærerike utstillingar, du kan kjøpa kart og få gode råd, og nokre stader kan du leiga sykkel eller båt. Profesjonelle aktørar byr dessutan på mange spennande utflukter med erfarne førarar. Og hugs at bygdene langs fjorden ofte er attraksjonar i seg sjølve, med natur og kulturminne som er vel verdt å utforska.

Innfallsportar
 
Agatunet

Agatunet

Agatunet er den nordaustlege innfallsporten til Folgefonna nasjonalpark. Her kan du få god informasjon og nyta fascinerande biletspel. I kafeen kan du kjøpa vaflar og lokalprodusert eple- og morellejuice. Det vakre klyngetunet er ein spennande attraksjon med gardsbygningar frå mellomalderen, den eldste frå 1250.

Les meir

Juklarfjord

Jondal nasjonalparklandsby og Juklafjord informasjonssenter

Jondal nasjonalparklandsby er ein naturleg innfallsport til Folgefonna nasjonalpark. Tilkomsten til breen er heilt unik; det er berre 19 kilometer frå sentrum til breen, og det er bilveg heilt fram! I landsbyen vil du finna gode overnattingstilhøve, mangfaldige aktivitetar og alt du treng av informasjon – på Juklafjord informasjonssenter.

Les meir

Åkrafjordtunet

Åkrafjordtunet

Åkrafjordtunet ligg éi mil vest for nasjonalparken. Utstillinga om Folgefonna nasjonalpark inneheld fargerike bilete og forklarande tekstar, ein informativ film og eit utval av mineral. Tunet har òg eit kunnskapsrikt personale, ein triveleg kafé og butikkar som sel lokalproduserte matvarer.

Les meir

Nasjonalparksenter

Nasjonalparksenteret

Besøk senteret i Rosendal før du utforskar nasjonalparken – med auka forståing aukar òg gleda og utbytet. Utstilling, filmar og biletspel avdekkjer Folgefonna sitt indre liv. Dei viser korleis enorme isbrear grov ut fjordane vi ser i dag, du får forståing for geologien og spennande glimt av plante- og dyrelivet.

Les meir

Odda Servicesenter

Odda ligg inst i Sørfjorden. Frå Servicesenteret på rådhuset, som også gjer teneste som Turistinformasjon, får du god informasjon om Folgefonna nasjonalpark og mange andre attraksjonar i regionen. Odda har ei stolt industrihistorie der drivkrafta har vore fornybar energi.

Les meir

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker