Reglar når du er naturen sin gjest

Hugs at du er naturen sin gjest når du vitjar nasjonalparkane våre. Første regel er: Vis omsyn til alt liv kring deg – også andre menneske.

  • Gå der du vil, på beina eller på ski. Alt som har motor, er i utgangspunktet forbode. (Sjå Allemannsretten)
  • Rast der du vil, og du må gjerne slå opp telt til overnatting. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan gjerne tenna opp bål, men hugs det generelle forbodet mot bålbrenning i skog og mark mellom 15. april og 15. september. Vis omsyn når du sankar ved.
  • Du kan plukka bær, sopp og vanlege plantar til eige bruk. Vis omsyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra omsyn i hekke- og yngletida.
  • Jakt og fiske er tillate som elles. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eit anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs utvida bandtvang i perioden 1. april til 20. august. Nokre kommunar har eigne reglar om dette.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker