Floraen i Folgefonna nasjonalpark

Du vil bli overraska over kor mykje vegetasjonen i og rundt Folgefonna nasjonalpark varierer frå stad til stad. Her er mange ulike mikroklima – sjølv over korte avstandar kan temperatur, nedbør og vind variera sterkt.

Dei fjellrike delane av halvøya, der grunnfjellet for det meste er surt, er dominerte av nokre få hardføre artar: musøyre, røsslyng, rabbesiv og fjellbjørk. Nær kanten av breen veks snøull, moselyng og jøkelstorr, plantar som er godt eigna til å tola mykje snø og ekstreme temperaturar.

Snøull
Snøull - ©
Greplyng
Greplyng - ©

Å måle eit fjell

Ved første augesyn kan dei høgaste toppane synast nakne og livlause, men sjå nøyare etter, og du vil oppdaga flekker med lav. Blant dei mest iaugefallande er dei gulgrøne kartlava, som på kalkfattige bergartar kan veksa i slike mengder at heile fjellet blir farga gulgrønt! Bli ikkje overraska om du ovanfor steinurene ser at fjellsmelle, svarttopp, stjernesildre og bergfrue held eit fast grep i nesten loddrette bergvegger.

Botaniske oasar

Skjeggesnuten og Sauanuten er to fjell med kalkhaldig berggrunn og dermed botaniske oasar med ein rik fjellflora. I fuktige dalføre med høg nedbør vest for Folgefonna, ved fossefall og ved bekker som fører smeltevatn ned frå snø og bre, veks det gjerne mykje bregnar.

Fuktig og fruktbart

Nede ved fjorden og i fuktige skogområde vest for Folgefonna er vegetasjonen ganske frodig. Typiske kystnære plantar er revebjølle, rome, klokkelyng, hinnebregne, smørtelg, bjørnekam og storfrytle – i dette tempererte området veks dei heilt opp mot skoggrensa.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker