Kulturhistorie

Arkeologane har avduka mange lag av historie i jordsmonnet på Folgefonnhalvøya. Pilspissar av flint og oske etter gamle leirbål viser at dei første hardingane jakta her for ti tusen år sidan, medan ismassivet som dekte mykje av Skandinavia var i ferd med å trekkja seg attende.

Midt i Herand, ei fjordbygd på nordsida av halvøya, er det forhistoriske helleristningar med solsymbol og båtar. Fjorden var ferdslevegen frå dei første menneska kom til Vestlandet.

Klyngetun og fjordbygder

Agatunet - © Arnstein Karlsen
Agatunet - © Arnstein Karlsen
Båtbyggarmuseum © Herand Landskapspark
Båtbyggarmuseum - © Herand Landskapspark

Mange av gardane vart etablerte lenge før vikingtida. Agatunet tilhøyrde eit bondesamfunn der samarbeid stod vesentleg meir sentralt enn i dag. I klyngetunet ligg våningshusa og andre bygningar tett i tett. Visste du forresten at det var cisterciensermunkar på 1100-talet som kom med dei første eplefrøa til Hardanger? Fruktbar jord, lange sommardagar og tilnærma økologisk jordbruk forklarer kvifor vår lokale frukt er så velsmakande – saftig, søt og akkurat passe syrleg, med masse kompleks aroma!

Om hausten får du kjøpt frukt og bær frå buer langs vegen. Den lokale kulturen er så ærleg at dersom bua er ubemanna, er det berre å forsyna seg og leggja betalinga i skåla.

Arven etter vikingane

Hardanger er kjent for meisterleg båtbyggjarkunst. Forma på einskilde båttypar er så godt som uendra sidan vikingtida – du kan ikkje forbetra det fullkomne! Den gamle oppgangssaga på Herand er framleis i drift.

På naust og hus er skifer brukt til taktekking. Sidan uminnelege tider har skiferen vorte henta ut or steinbrot her.

Dei eldgamle stiane

Det er eit godt nettverk av merkte stiar i Folgefonna nasjonalpark og områda omkring. Nokre av dei er gamle ferdslevegar, som Keisarstien (ifølgje reklamen skal Keisar Wilhelm II ha gått tur her) og Isvegen. Denne vegen vart brukt til å frakta is frå breen med hest og kjerre ned til Skiparvika, og derifrå vart isen send med båt til kundar i kystnære byar og bygder, før kjøleskapet si tid. Andre stiar vart brukte av bønder til å driva husdyr til og frå sommarbeite. Atter andre stiar er laga av friluftsentusiastar i Den Norske Turistforening – eit sikkert teikn på at du har storslått utsikt i vente, og flotte naturopplevingar på vegen dit!

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker