Isen og bergfjellet

Ved å tolka berggrunn og landskap, kan geologane teikna ei historie som strekkjer seg meir enn 1,5 milliardar år attende i tid. Fjellgrunnen i det som i dag er Folgefonnhalvøya, har vore råka av brutale og skiftande geologiske krefter.

Sediment som gjennom ulike tidsbolkar bygde seg opp på havbotnen, vart før eller seinare presse ned i djupet der dei ved høgt trykk og høge temperaturar vart omdanna til metamorfe bergartar. Jordskorpeplater kolliderte og pressa nye høge fjellkjeder og platå mot himmelen.

Isen som bilethoggar

Møsevatnet
Møsevatnet - © Randi Storås

Utløparar frå den massive innlandsisen som dekte store delar av Skandinavia, grov ut fjordane og dalføra vi ser i dag – men det tok over 40 istider og 2,7 millionar år. Geologisk sett er vestlandsfjordane for svært unge å rekna. I vår mellomistid går landskapsforminga seinare. Raskast går det der brear som framleis er i rørsle, sakte men sikkert sliper seg djupare ned i fjellet. Frostforvitringa er elles ein viktig faktor og er mest effektiv når temperaturen svingar rundt nullpunktet. Vatn som renn inn i sprekker i fjellet, utvidar seg når det frys og sprengjer laus steinar og blokker. Elvane bidreg òg, med grus og stein som slipemateriale.

 

Faldingar i migmatittgneis © Jan Rabben
Faldingar i migmatittgneis - © Jan Rabben

Nasjonalparksenteret og Steinparken i Rosendal byr på ny kunnskap. Her kan du læra korleis du sjølv kan lese teikna i landskapet som avdekkjer Folgefonna si historie.

Ei stor oppleving er å følgja Geostien, frå Nordrepollen inst i Maurangerfjorden opp til Botnabreen. På vegen er det mykje spennande å sjå, og det er sett opp informasjonstavler med opplysningar om geologi, flora og fauna.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker