Allemannsretten 
– vår rett til å ferdast fritt

Ein viktig del av kulturarven vår er å vera ute i naturen. Vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells – uavhengig av kven som eig grunnen.

Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i Friluftslova. Den sikrar retten din til å ferdast fritt, til fots og på ski, i utmark. Der har du lov til å rasta og overnatta. Du kan òg hausta av naturen, til dømes plukka bær og sopp, blomstrar og ville urter.

Utmark er udyrka mark og omfattar det meste av vatn, strand, myr, skog og fjell i Noreg. Her i landet har vi så mykje plass å boltra oss på at alle kan driva aktivitetar i det fri.

Tilgangen til innmark er meir avgrensa. Om vinteren kan du til dømes ferdast på ski eller til fots på frosen eller snødekt mark.

Allemannsretten krev ansvarleg åtferd. Du må respektera grunneigaren og andre brukarar, både andre turgåarar og folk som bur og arbeider i området.

Du skal alltid, anten du ferdast på innmark eller i utmark, lata att grinder etter deg og visa omsyn til dyr som er på beite.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker