Folgefonna nasjonalparkskule
Folgefonna nasjonalparkskule er den raude tråden i vårt undervisningstilbod på Folgefonnsenteret i Rosendal. Lær om korleis vatnet og breen formar landskapet rundt oss eller bli med på å jakte artar i ditt nærområde. Besøk Folgefonnsenteret i Rosendal eller inviter naturvegleiar på besøk.

Folgefonna nasjonalsparkskule fins også som nettbasert undervisningsopplegg, det finn du her

Praktisk informasjon
Folgefonna nasjonalparkskule er forankra i nye læreplanar etter fagfornyinga. Kvart av dei fem tema består av tre delar; forarbeid, undervisning med naturvegleiar og etterarbeid. Sjå filmen i forkant av besøket og løys oppgåver når de kjem heim igjen.

Kven kan delta?
I hovudsak grunnskuleelevar 2.-10.klasse. Tema «geologi og landformar» kan tilpassast vidaregåande og geofagklassar.

Kvar føregår undervisninga?
På Folgefonnsenteret i Rosendal, nokre av opplegga foregår utandørs. Tilbodet gjeld i fyrsteomgang grunnskular i Ullesvang, Etne og Kvinnherad kommune. Andre er velkomne dersom kapasitet.

Kostnad
Undervisninga med naturvegleiar er gratis. For undervisningsopplegg som går føre seg på Folgefonnsenteret brukar vi utstillinga på senteret. Då kostar det 35 kroner pr. grunnskuleelev. Gjer merksam på at Kvinnherad har eigen avtale og at grunnskuleelvar går gratis i skuletida.

Påmelding
Skulane må sjølv melda seg på Folgefonna nasjonalparkskule. Ta kontakt med vår naturvegleiar på e-post: sara@folgefonnsenteret.no

Vatnet si rundreise på jorda
Folgefonna nasjonalpark – frå fjord til fonn

Kven: 5. – 7.klasse

Kvar: Folgefonnsenteret i Rosendal

Varigheit: 2timar

Bli med inn i kinosalen i Folgefonnsenteret og sjå filmen «Fjordens liv» – om mange av dei rare skapningane som bur under bryggja vår og djupt nede i Hardangerfjorden. I utstillinga følgjer vi vatnet sitt kretsløp; frå djupet i Hardangerfjorden til toppen av Folgefonna – og tilbake igjen. Elevane blir delt i grupper for å løysa oppgåver om tema. Svara finn dei, gøymd godt i utstillinga. Dersom tid, avsluttar vi økta med nokre praktiske øvingar utanfor.

Kompetansemål i naturfag etter 4.trinn
Utforske og beskrive vatnet sitt kretsløp og gjere greie for kvifor vatn er viktig for livet på jorda

Geologi og landformar
Lær om korleis vatnet og breen påverkar landskapet rundt oss

Kven: 5. -7. og 8. – 10. klasse
Kvar: Folgefonnsenteret og tur rundt Hattebergsfossen
Varigheit: 3 timar

Bli med inn i kinosalen i Folgefonnsenteret og sjå filmen «Drama i berg» – om korleis Folgefonnhalvøya vart til. I utstillinga blir vi kjend med den store flaumkatastrofen i Rosendal i november 1940. Etterpå går vi tur rundt Hattebergsfossen for å sjå eksempel på landskapsformar vi blei kjend med i filmen; flyttblokker, landheving og skredvifter. Undervegs leitar vi etter dei tre hovudbergartane og sortera dei ut i frå mønster.  

Vi avsluttar med ein omgrepsleik der elevane skal setja saman omgrep og faktasetningar som høyrer saman. Eksempel: Omgrepet «U-dal» som høyrer saman med setninga «blir forma av isbrear». 

Kompetansemål i naturfag etter 7.trinn
Gjere greie for korleis det geologiske kretsløpet, platetektonikk og ytre krefter er med på å forme og endre ulike landskap.

Andre tema: 
I løpet av 2024 kjem vi til å publisera fleire nye undervisningsopplegg for ulike klassetrinn. Enn så lenge har vi to ferdige opplegg du kan lesa meir om under. Ta kontakt med naturvegleiar for førespurnad om andre aktuelle tema. Dersom kapasitet, kan vi gjennomføra undervisning i følgjande opplegg:

Biologisk mangfald langs strandlinja eller i skogen.

Klima og klimaendringar

Friluftsliv

Folgefonna nasjonalpark