Frå Tokheim til turisthytta på breen

Har du nokon gong overnatta i ei turisthytte på breen? Det å vakna til eit ispanorama er ei heilt spesiell oppleving. Turen vi her skriv om, startar like utanfor Odda, går opp til kanten av breen og vidare opp til Holmaskjer turisthytte. Om du vil, kan du her melda deg på ei vandring over Folgefonna med breførar.

Tokheim ligg to kilometer nord for Odda. Sjå etter varden ved vegen – informasjonssenteret har godt med parkering. Keisarstien er ein gammal ferdsleveg som snor seg bratt oppover langs elva. Det er bru over Tokheimskaret, deretter held stien fram forbi to vatn, Storenutstjørn (1180 m) og Isvatnet (1344 m), like fram til kanten av breen.

Derifrå er stien vidare til Holmaskjer turisthytte tydeleg merkt om sommaren. Når du går på breen, er det livsviktig at du følgjer stien nøye, for å unngå djupe sprekker i isen og skjulte vasshol.

Holmaskjer ligg på ein bergrygg som stikk opp over breen og byr på eit praktfullt panorama. Turisthytta er enkel, sjølvbetent og godt utstyrt. Her er til dømes dyner og ullteppe, men ta med deg lakenpose – det får du kjøpt i dei fleste sportsbutikkar. Vêret kan endra seg brått på Folgefonna, så hugs å ta med varme plagg og ytterklede som vernar mot vind, regn og snø. 

Om sommaren kan du vera med på organiserte gruppeturar over breen. Turen med profesjonell breførar til Fonnabu på Bondhusbreen, på motsett side av Folgefonna, ein avstand på 6 km, tek ca. tre timar. På ski tek turen omtrent to timar. Ei fantastisk oppleving!

Turisthytta Holmaskjer er eigd og driven av Oddal/Ullensvang turlag.

Kart kategorier: 
Kart teaser tekst: 

.

Kart tittel: 
Holmaskjer

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker