Rullestad

Grenda Rullestad ligg ved eit vatn mellom vakre fjell aust for Åkrafjorden. Heile området rundt byr på storslått natur, spennande attraksjonar og varierte aktivitetar. Her finn du òg ulike tilbod om overnatting.

På heimebakeriet kan du kjøpa lefser, potetkaker og annan tradisjonsbakst laga i ein vedfyrt bakaromn. Hytter og campingplass ligg rett ved vatnet. Der kan du leiga båt og fiskeutstyr – sjansen er stor for at du får aure på kroken eller i garnet. Ein flott tursti sirklar Rullestadvatnet.

Rullestadjuvet

Vi anbefaler òg ein tur på gamlevegen oppover Rullestadjuvet. Den bratte postvegen frå 1800-talet er no restaurert. Kunstnaren Lars Hertervig fanga den dramatiske naturen i eit av sine mest kjende måleri. Like ovanfor vegen finst fleire svære jettegryter – djupe groper i berget, bora av stein og grus i kraftige kvervelstraumar i smeltevatnet frå isbreen som då fylte dalen. I tidlegare tider sanka bøndene lauv frå styvde tre. Om vinteren vart lauvet brukt til dyrefôr.

Du kan velja om du vil gå eller køyra E134 gjennom Rullestadjuvet. Den vakre vegen held fram langs sørsida av Åkrafjorden. Men kan hende må du bremsa for geitene!

Eit praktfullt fossefall

Langfossen er ein attraksjon du ikkje må gå glipp av. Den breie fossen har eit fall på 612 meter. E134 kryssar fossen like over utløpet i Åkrafjorden. Det er lett å skjøna kvifor CNN har Langfossen med på si liste over dei ti vakraste fossefalla i verda!

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker