Langfoss – ein av verdas vakraste

Langfoss er den femte høgaste fossen i Noreg. CNN har han på si liste over verdas ti vakraste fossefall. Det er er lett å komme tett på Langfoss, som ligg i eit flott landskap.

Langfoss stuper 600 meter ned fjellsida og renn ut i Åkrafjorden like ved E134. På rasteplassen her er det piknikbord, ein kiosk som sel kjappmat og heimelaga bakst, lokalproduserte matvarer, handverk og suvenirar. Her er òg toalett og andre fasilitetar.

Dei som jobbar i kiosken fortel gjerne om gode stiar, spennande aktivitetar og om overnatting i nærleiken.

Frå parkeringsplassen går det ein sti til toppen av Langfoss. Om du vil ta ein lengre fottur, går det merkte stiar til turisthytter innover i fjellet. For andre freistar det nok med ein båttur på fjorden – med imponerande utsikt opp mot fossen.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker