Kulturstien i Herand

I Herand finn du ein kultursti som viser deg glimt frå ei 9000 år lang historie. Ved å vandra gjennom det prislønte kulturlandskapet i Herand Landskapspark, får du auka innsikt i samspelet mellom menneska på Folgefonnhalvøya, fjorden, Folgefonna og områda kring breen.

Informasjonstavler fortel om den lokale geologien, om plantelivet og kulturhistoria, og om korleis du kan tyda talande teikn i landskapet. Tavlene inneheld informasjon om hellerane som vart brukte som bustader i steinalderen, om helleristningane i Herand, og om oppgangssaga som den dag i dag kuttar plank frå tømmer på gamlemåten. Du får vita korleis gardsbruk gjennom fleire tusen år har forma landskapet. Framleis kan du sjå styvde tre som bøndene sanka lauv frå – om vinteren vart lauvet brukt til dyrefôr.

Hugs å ta med ein matbit. Det er sett opp piknikbord og benker ved det beste utsiktspunktet.

Les mer om Herand, den kulturelle bygda.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker