Fonna Glacier Ski Resort

Velkommen til Fonna Glacier Ski Resort! Her har du sjansen til å stå på ski på breen midt på sommaren, medan du nyt eit utruleg Hardanger-panorama av fjord og fjell.

Frå skisenteret løftar skiheisen deg opp til 1450 meter over havet. Så er det berre å ta fatt på nedturen – 1,1 km med utforløype med eit fall på 250 meter. Visste du at du faktisk står på ski på Jorfjellbreen, ein 300 meter brei brearm av Nordfonna?

Å trassa tyngdekrafta

Folgefonn har ry på seg for å vera det beste sommarskisenteret og for å ha den beste snøbrettparken i Europa. Med hopp og kulekøyring kan du øva deg på flips og salto, fancy vendingar og andre triks medan du i nokre sekund trassar tyngdekrafta i praktfull natur. På nettsida vår finn du eit imponerande biletgalleri!

Frå fjord til bre og attende

Om du heller føretrekkjer å gå tur på den fredfulle vidda, er dette den ideelle staden for langrenn – og utsikta gløymer du aldri. Seinare på dagen kan du bada i fjorden der nede. Då er det som om du har opplevd fire årstider på éin dag!

Ski og snøbrett kan leigast på senteret. Kafeen her byr på god mat og varme og kalde forfriskingar.

Frå fjordbygda Jondal tek det berre 20 minutt å køyra opp til kanten av breen, og her er det rikeleg med parkering. Ferierer du utan bil, går det buss frå Jondal direkte til skisenteret.

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker