Agatunet

Agatunet ligg mellom Utne og Odda på vestsida av Sørfjorden, ein arm av Hardangerfjorden, og klyngetunet kan daterast tilbake til før vikingtida. Funn tyder på busetjing så tidleg som i steinalderen.

I dag består Agatunet av 31 gardsbygningar med skifertak frå mellomalderen. Lagmannsstova, bygd i 1250 av Sigurd Brynjulvsson, magistrat og rådgjevar til kong Eirik Magnusson, er landets eldste verdslege bygning som framleis står på opphavleg grunn.

I tidlegare tider var gardar ofte samla i slike tun – i dag er det svært få att. På Agatunet finst det eksempel på byggetradisjonar heilt frå mellomalderen og fram til i dag.

Nede ved fjorden ligg ei rekke gamle naust. Tek du deg tid til å utforska landskapet kring Agatunet, oppdagar du gjerne gravhaugar, helleristningar og gamle offerplassar. På fjellsida er òg ein konstruksjon av langt nyare dato: Den 300 meter lange og 17 meter høge muren vart bygd i år 2000 for å verna Agatunet mot snøskred.

I kafeen kan du kjøpa vaflar som blir laga med egg frå hønene som vandrar fritt på Agatunet. Nyt gjerne vaflane med eit glas lokalprodusert eplejuice og kanskje ein kopp kaffi.

Sjå òg: Innfallsporten Agatunet

 

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker