Folgefonna sine mange attraksjonar

Du kan lett bruka fleire veker på å utforska dei mange attraksjonane i og rundt Folgefonna nasjonalpark. Du kan beundra bre og brearmar, isfall, turkisfarga brevatn og krystallklare elvar som rasar av stad med smeltevatn. Det freistar med fotturar i ville dalar, å klatra i høgda og kikka ned på fjordar som isen har brukt titusenvis av år på å grava ut or harde fjellet. Sjå nøye, og du vil oppdaga ein variert flora og eit rikt fugleliv, kan hende også nokre av dei meir sjenerte dyra som trivst i desse traktene.

Denne lista over offisielle Folgefonna-attraksjonar er eit utval av stader med praktfull natur og spennande kulturelle høgdepunkt. På lista finn du naturstiar til flotte utsiktspunkt, kulturminne som avdekkjer Folgefonnhalvøya si fargerike historie, og spennande utstillingar som gjev verdifull innsikt. På vandringa di vil du sjå informasjonstavler med gode forklaringar.

Når du utforskar område i og rundt Folgefonna nasjonalpark, vil du nok oppdaga mange andre attraksjonar på eiga hand.

Turstier og Naturperler
Kulturhistorie
Geologi
Diverse
 
Buerdalen

Buerdalen

Du kan sjå breen allereie frå parkeringsplassen på Buer, som ligg 8 km frå Odda. Ein merkt sti snor seg oppover den frodige Buerdalen, mellom steile fjellsider opp til Buerbreen, ein av dei flottaste brearmane til Folgefonna. Turen tek berre tre timar fram til brekanten og tilbake.

Les meir

Bondhusdalen

Bondhusdalen

Bondhusdalen er truleg det vakraste dalføret inn mot Folgefonna. Det er berre å følgja Isvegen frå kaien i Sundal: grusvegen fører opp til Bondhusvatnet. Høgdepunktet er det storslåtte brefallet øvst i dalen, som speglar seg i Bondhusvatnet.

Les meir

Tokheim / Egnehjem

Har du nokon gong overnatta i ei turisthytte på ein bre? Det å vakna til eit ispanorama er ei heilt spesiell oppleving. Frå Tokheim går turen opp til kanten av breen og vidare opp til Holmaskjer turisthytte. Om du vil, kan du her melda deg på ei vandring over Folgefonna med breførar.

Les meir

Reisete / Digrahaug

Reisete / Digrahaug

Reiseter er den høgastliggjande garden i Hardanger som framleis er i drift – og utgangspunkt for ein svært spennande fottur. På vegen til Digrahaug vil du sjå hardføre plantar, kulturminne og fascinerande geologiske formasjonar. Ved Nonstein er det eit tidlegare klebersteinsbrot, der kokekar vart meisla ut.

Les meir

Geostien

Geostien

Det er ei oppdagingsferd blant mektige naturkrefter å vandra langs Geostien, frå Nordrepollen inst i Maurangerfjorden opp til Botnabreen. Her kan du tyda samspelet mellom isen og berggrunnen. På vegen er det mykje spennande å sjå, og informasjonstavler som fortel om geologi, flora og fauna.

Les meir

Langfossen

Langfossen

Langfossen stuper 600 meter ned fjellsida og renn ut i Åkrafjorden – det er eit syn du aldri gløymer. Dette er den femte høgaste fossen i Noreg. CNN har han på si liste over verdas ti vakraste fossefall. Du kan følgja ein sti til toppen av fossen.

Les meir

Herand

Herand

Herand ligg vakkert til ved Hardangerfjorden på nordsida av Folgefonnhalvøya. Vi inviterer deg til å rusla gjennom bygda og utforska kulturlandskapet i nærleiken, ei vandring gjennom ei fargerik 9000 år lang historie. Her er helleristningar og båtbyggjarmuseum, og ei gamal vassdriven oppgangssag.

Les meir

Agatunet

Agatunet

Agatunet er eit klyngetun av gardsbygningar. Den eldste er Lagmannsstova, bygd i 1250. Det er som brått å trø inn i mellomalderen, men klyngetunet var her før vikingtida – funn tyder på busetjing allereie i steinalderen. Bli med på omvising i den gamle grenda og høyr historia!

Les meir

Malmanger Prestegard

Malmanger Prestegard

På Malmanger gard kan du utforska meir enn tusen år med lokalhistorie. Den eldste bygningen på tunet vart bygd før 1625. Få med deg forteljinga om Nils Hertzberg, ein prest som hadde fleire interesser enn teologi. Alt i 1802 gjennomførte han vaksinasjon mot koppar, og han var truleg den første klimaforskaren i Noreg.

Les meir

Steinparken

Steinparken

I Steinparken kan du utforska 2,5 milliardar år av Jorda si historie! Når du vandrar langs stiane som går i vakker skog ved Mehlselvo, oppdagar du store steinblokker. Bergartane er samla frå ulike stader i regionen, og til dels slipte, slik at du kan sjå dei både i polert og naturleg form. Steinparken vil vekkja undring, gje svar og inspirera til fleire spørsmål.

Les meir

Sommerskisenter

Folgefonna Glacier Ski Resort

No kan du stå på ski på breen midt på sommaren, medan du nyt eit utruleg Hardanger-panorama av fjord og fjell. Om du heller vil gå tur på den fredfulle vidda, er dette den ideelle staden for langrenn. Folgefonn har òg ry på seg for å ha den beste snøbrettparken i Europa.

Les meir

Rullestad

Rullestad

Grenda Rullestad ligg ved eit vatn mellom vakre fjell aust for Åkrafjorden. Heile området rundt byr på storslått natur, spennande attraksjonar og varierte aktivitetar. Her finn du òg ulike tilbod om overnatting – den perfekte basen for å utforska nasjonalparken.

Les meir

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker