Breturar med førar

Storparten av Folgefonna nasjonalpark er dekt av is. Saman med ein erfaren og lommekjend breførar kan du vandra blant djupe bresprekker, klatra i tårn av blåis, bli med på vandring over det fantastiske isøydet på breplatået, nyta utsyn over fjorden og sjå langt ut mot havet. Det er ei oppleving for livet!

 

Blåistur på Buerbreen

blåistur - flatearth.no

Buerbreen er unik! Det er her Folgefonna knekk over kanten og strekkjer seg ned dalen mot Buer. Og det er her du kan få oppleva breen på sitt mektigaste, med spektakulære labyrintar, spir og sprekker. FlatEarth byr på både enkle og krevjande breturar. Turane tek 6–8 timar, alt etter vêr- og føreforhold. Lunsj et vi saman oppe på breen – og dei som vil, får prøva seg på isklatring!

FlatEarth Adventures

Tlf. 476 06 847
info@flatearth.no
www.flatearth.no

Kajakkpadling på Møsevatnet

Kajakpadling - © Wilderness Norway

Wilderness Norway byr på kajakkpadling på Møsevatnet, i sørenden av Folgefonna. Erfarne guidar leier deg trygt over Møsevatn og tett inn mot isen – Møsevassbreen kjem heilt ned i vatnet! Vi et lunsj ved foten av det praktfulle brefallet.

Kajakkturen må tingast på førehand. Minimum fire deltakarar.

Wilderness Norway

Tlf. 468 44 675
post@wilderness-norway.no
www.wilderness-norway.no

Brevandring og kajakkpadling

Folgefonni Breførerlag - © Hermansen

Folgefonni Breførarlag byr òg på kajakktur på Møsevatn. Møsevassbreen er eit ungt brefall – på imponerande vis kjem isen heilt ned i Møsevatn. Å padla blant isfjell i Møsevatnet er ei spesiell oppleving. Etterpå vandrar vi innover breen saman med vår erfarne breførar.

Folgefonni Breførarlag

Tlf. 55 29 89 21
post@folgefonni-breforarlag.no
www.folgefonni-breforarlag.no

Blåistur i Juklavassbreen

Folgefonni Breførerlag - © Desire Westfal

På Juklavassbreen går turen gjennom djupe isdalar og rundt høge, spisse istårn. Vår kunnskapsrike breførar gjev deg ei totaloppleving, med innblikk i dei kraftfulle naturprosessane, utfordringar for kroppen, og ein smak av gamle dagar gjennom lokalhistorie og forteljarkunst.

Folgefonni Breførarlag

Tlf. 55 29 89 21
post@folgefonni-breforarlag.no
www.folgefonni-breforarlag.no

Folgefonna på langs

Brevandring - © Desire Westfal

Jondal - Rosendal. Ta utfordringa! Bli med på ein minneverdig todagars tur i Folgefonna nasjonalpark, med overnatting på Fonnabu eller Holmaskjer turisthytte. Første dagen er det 10 timar å gå, andre dagen er det 12 timar før vi er nede i Rosendal. På Baroniet i Rosendal er det mogleg å avslutta turen med god mat og gode senger. Kanskje er det òg ein konsert i renessansehagen som freistar?

Folgefonni Breførarlag

Tlf. +47 55 29 89 21
post@folgefonni-breforarlag.no
www.folgefonni-breforarlag.no

Varsel: Prøv aldri brevandring utan at du er i lag med ein erfaren breførar. Det kan vera livsfarleg!

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker