Aktivitetar på Folgefonna og i nærleiken

La Vestlandet by på meir enn tilskodarsport. Ein vakker nasjonalpark opnar for mange eventyr i villmarka. Aktivitetsmenyen til Folgefonnhalvøya vil garantert lokke fram forventningsfulle smil og auke pulsen din.

Vi inviterer deg til tur i flott terreng, camping, klatring og vandring på breen. Sjølv midt på sommeren kan du nyte skiløyper eller rase nedover fjellet på snøbrett! Fjordane kring halvøya freistar til fiske, padling, seglsport, båtturar, vasski og bading.

Men du treng ikkje sveitte for å ha det gøy. Du kan vandre kulturstiar i ditt eige tempo, utforske kulturminne, rusle gjennom Steinparken i Rosendal eller gå Geostien frå fjord til bre. Eller kanskje du heller ynskjer å leige sykkel og ta deg fram på to jul på vegane langs fjorden.

Her er ei liste med aktivitetar me kan anbefale i Folgefonna Nasjonalpark – med lenker til informative artiklar om flotte turar, profesjonelle aktørar som byr på ulike opplevingar, og eit sommarskisenter som ligg på sjølve breen.

Ta kontakt med Besøkssenteret, turistinformasjonen eller innfallsportane til Folgefonna. Der får du turkart, nyttige råd og informasjon om tilbod om aktivitetar frå profesjonelle aktørar.

Brevandring og skisport:

 

Norges NasjonalparkerNorges Nasjonalparker